Bruk av IKT i næringslivet

Oppdatert: 16. september 2021

Neste oppdatering: 19. september 2022

Delen av føretaka som har heimeside
Delen av føretaka som har heimeside
2021
83
%
Bruk av IKT i næringslivet
Bruk av IKT i næringslivet1
2018201920202021
Del av føretaka med bruk av IKT per januar
Alle typar breiband95969697
Faste breiband i alt89908991
Høgaste nedlastingshastigheit minst 30 Mbit/s50568183
Har heimeside78787983
2017201820192020
Del av føretaka med bruk av IKT per år
Har mottatt bestillingar2 29282326
1Føretak med minst 10 sysselsette.
2Via ei nettside eller EDI-meldingar
Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken dekkjer norske næringar sin bruk av og tilgang til ulike teknologiar, IKT-tenester og -kompetanse, sosiale medium, netthandel med meir.

Breiband

Tosidig kommunikasjonsnett som kan overføre ulike former for data som tekst, lyd og levende bilete. Det må kunne bere nye tenester og tillate at mange bruker nettet samtidig. Breibandstilknyting til internett kan vere fast (for eksempel ADSL (Asymmetric Digital Subscriber Line) eller fibertilkopling) eller mobil (tilknyting til internett via mobiltelefonnettverket).

Elektronisk handel

Elektronisk handel inkluderer bestillingar via elektroniske nettverk, både internett og andre samband mellom datamaskiner i forskjellige føretak. Betaling og leveranse må ikkje nødvendigvis ordnast via elektroniske nettverk. Elektronisk handel kan bli utført via heimesider eller automatisert datautveksling mellom føretak, mens manuelt inntasta meldingar via vanleg e-post er ikkje inkluderte.

Elektronisk sal

Elektronisk sal av varer eller tenester dekkjer ordrar og bestillingar som blir utførte via nettsider, appar eller EDI-type meldingar.

Automatisert datautveksling

Automatisert datautveksling mellom føretaket og andre IKT-system tyder utveksling av meldingar (for eksempel bestillingar, betalingstransaksjonar eller beskriving av varer) via internett eller andre nettverk i eit avtalt format som tillet automatisk behandling, for eksempel XML (Extensible Markup Language), EDIFACT (Electronic Data Interchange For Administration, Commerce and Transport), utan at den enkelte meldinga blir tasta inn manuelt.

Sosiale medium

Medium (kanalar eller plattformer) som ved hjelp av internett eller nettbasert teknologi opnar for interaksjon mellom to eller fleire brukarar.

Nettskytenester

Omfattar IKT-tenester som vert brukte over internett, og som blir leverte frå serverane til tenesteprodusentane. Tenestene gjev blant anna tilgang til programvare, datakraft og lagringskapasitet.

Tingas internett

Tingas internett refererer til samankopla system og einingar. Desse blir gjerne kalla smartutstyr eller -system. Dei samlar og utvekslar data, og kan bli monitorerte eller fjernstyrte frå internettet.

Kunstig intelligens

Kunstig intelligens (KI) refererer til system som bruker KI-baserte teknologiar for å samle og/eller bruke data til å predikere, tilrå eller bestemme, med ulike nivå av autonomi, beste tiltak for å oppnå spesifikke mål.



Eksemplar på KI-basert teknologi: tekstanalyse, datamaskinvisjon, talegjenkjenning, generering av naturleg språk, maskinlæring og djup læring.

Namn: Bruk av IKT i næringslivet

Emne: Teknologi og innovasjon

19. september 2022

Seksjon for næringslivets utvikling

Nasjonalt

Årleg. Statistikken blir publisert i august/september same året spørjeskjemaet for undersøkinga blir sendt ut.

Eurostat, OECD og FN.

Mikrodata, informasjon om utvalseiningar og populasjon blir lagra mellombels i programspråket SAS og blir langtidslagra som tekstfiler.

Føremålet er å kartleggja bruken av IKT og elektronisk handel i næringslivet. Undersøkinga er basert på internasjonalt samarbeid, og gjev resultat som er internasjonalt samanliknbare. Undersøkinga vart starta opp i 1999.

Opplegget for undersøkinga vart først utarbeidd som eit felles nordisk prosjekt. Innhaldet i undersøkinga har såleis vorte samordna med dei andre nordiske landa. Frå og med 2001 publiserer fleire andre europeiske land denne statistikken som følgje av eit initiativ frå Eurostat.

Eurostat har støtta undersøkinga økonomisk.

image-20210428145705-5.png

Eurostat er ein viktig brukar av statistikken. Statistikken vert brukt av fleire departement, Innovasjon Noreg, næringsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar, media og internasjonale organisasjonar.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 8.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Denne undersøkinga er tilpassa innhaldet i undersøkinga til Eurostat. Frå og med 2001 er det publisert statistikk som samanliknar bruken av IKT i norsk næringsliv med tilhøva i næringslivet i andre europeiske land.

Delar av undersøkinga blir også brukt i EUs "Digital Agenda Scoreboard" for samanlikning av aktuelle indikatorar.

  • plikta til å gje og retten til å hente inn opplysningar: statistikkloven (LOV-2019-06-21-32) § 10
  • retten til å påleggje tvangsmulkt: statistikkloven § 20
  • retten til å tvangsinndrive mulkt og krevje betaling for kostnader: tvangsfullbyrdelsesloven
  • retten til å klage på eit vedtak: forvaltningsloven kapittel VI

Råds - og parlamentsforordning (EF) nr. 808/2004 for statistikk om informasjonssamfunnet.

Populasjonen for undersøkinga omfattar føretaka med minst 10 sysselsette i dei følgande næringsområda (SN2007):

  • C Industri (10-33)
  • D Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn (35)
  • E Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd (36-39)
  • F Byggje- og anleggsverksemd (41-43)
  • G Varehandel, reparasjon av motorvogner (45-47)
  • H Transport og lagring (49-53)
  • I Overnattings- og serveringsverksemd (55-56)
  • J Informasjon og kommunikasjon (58-63)
  • K Finansierings- og forsikringsverksemd (64.19+64.92, 65.1+65.2, 66.12+66.19)
  • L Omsetning og drift av fast eigedom (68)
  • M Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (69-75)
  • N Forretningsmessig tenesteyting (77-82)
  • S Anna tenesteyting (95.1)

Frå og med 2021 er næring 75 Veterinærtenester inkludert i undersøkinga.

Frå og med 2014 er ikkje næring K Finansierings- og forsikringsverksemd inkludert i undersøkinga.

Tala kjem frå ei elektronisk spørjeundersøking til norske føretak, som er utvikla i samarbeid med andre europeiske land.

SSB trekkjer dei føretaka som skal svare blant alle føretak i Verksemds- og føretaksregisteret med minst 10 sysselsette. Det er om lag 5 000 føretak i utvalet.

Vi stratifiserer utvalet etter næring og storleiken til føretaka, målt etter sysselsetting. Blant dei ulike gruppene av føretak som har meir enn 1000 einingar i populasjonen trekkjer vi utval av denne storleiken:

  • 10-19 sysselsette: 7,5 prosent
  • 20-49 sysselsette: 15 prosent
  • 50-99 sysselsette: 50 prosent
  • 100-249 sysselsette: 75 prosent
  • føretak med minst 250 sysselsette: 100 prosent

SSB legg likevel ei samla vurdering til grunn for utvalstrekkinga. Til dømes kan omsynet til å ha ein betre dekningsgrad innanfor ei særskild næring vere avgjerande for samansetninga av utvalet, og da trekkjer vi fleire føretak eller det same føretaket kan bli trekt ut oftare for denne næringa.

Det er fullteljing for næringane med færre enn 20 føretak med minst 10 sysselsette i populasjonen.

Data blir innsamla via elektronisk spørjeskjema på internett. Skjema blir overført direkte til ein database. Datainnsamling skjer i løpet av 1. kvartal i året statistikken gjeld for.

Oppgåvene blir manuelt og maskinelt kontrollerte av SSB. Vi sjekkar og editerer data for mellom anna summeringsfeil og logisk inkonsistens.

Undersøkinga byggjer på ei inndeling av føretaka etter næringsgrupper, tal på sysselsette og storleiken på omsetninga.

Tala representerer bruken av IKT både i norsk næringsliv samla og innanfor dei einskilde næringane og sysselsettingsgruppene. Datamaterialet vert difor vekta. Målet med vektinga er å blåse opp einingane i utvalet slik at eigenskapane til utvalet etter fråfall samsvarer mest mogleg med populasjonen. Vektene er baserte på tilhøvet mellom trekkpopulasjonen og utvalet innanfor kvar einskild stratum og tek omsyn til eventuelle skeivfordelingar i fråfallet.

I spørjeskjemaet for undersøkinga blir føretaka bedne om å oppgje ei skjønnsmessig vurdering i prosent for delen av total omsetning som kjem frå nettsalomsetning. Vi nyttar omsetningstal frå året før for å rekne ut delen av omsetning som kjem frå nettsal.

Ikkje relevant

Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarar skjer i samsvar med krav stilt av føresegner i statistikkloven. Opplysningane blir tatt vare på på ein forsvarleg måte. Det er ikkje mogleg å identifisere føretakssensitiv informasjon ut i frå statistikken.

Til og med statistikkåret 2008 var føretak med minst 5 sysselsette med i populasjonen. Frå og med 2009 vart grensa endra til minst 10 sysselsette.

Frå og med 2014 er næring K Finansierings- og forsikringsverksemd tatt ut av undersøkinga.

Frå og med 2021 er næring 75 Veterinærtenester inkludert i næringsområde M Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (69-75).

Vi gjer merksam på at undersøkinga er under kontinuerleg utvikling slik at nokre variablar ikkje er direkte samanliknbare i tidsserien som følgje av endring av definisjonen. Detaljert informasjon om endring i variablane finn du i fotnotane til statistikkbanktabellane.

Målefeil kan i hovudsak oppstå ved at oppgavegjevar mistolkar og rapporterer feil. Bearbeidingsfeil er i hovudsak feil som blir påført data etter at dei er mottekne i SSB. Bruk av elektronisk rapportering i ein statistikk reduserer denne typen feil.

Gjennom produksjonsrutinane sikrar vi at det blir utført kontrollar både på detaljert nivå og høgareliggjande nivå.

Fråfallsfeil i undersøkingar oppstår anten ved at oppgåvegjevar ikkje returnerer skjema, eller at skjemaet er mangelfullt utfylt. Svarprosenten på IKT-bruk i næringslivet er om lag 95 prosent.

Utvalsfeil viser usikkerheita som er skapt av at tala blir produsert på grunnlag av eit utval einingar og ikkje heile populasjonen. Utvalsfeil syner altså det forventa avviket i resultat mellom utvalet og populasjonen.

Opplysningane i Verksemds- og føretaksregisteret er ikkje alltid fullt ut oppdaterte. Det medfører feilklassifisering av nokre føretak.

I berekninga av omsetningstal for elektronisk sal er det to potensielle kjelder til usikkerheit. Den eine er at i undersøkinga blir føretaka bedne om å gjere ei skjønnsmessig vurdering for nettsal . Dette fører til at dei fleste avrundar til næraste 10-prosent. Bruken av omsetningstal frå året før gjer òg at det er knytt usikkerheit til estimata.

Ikkje relevant

Kontakt