- Gå til ssb.no og statistikkbanktabell 11536: Årslønn, etter sektor, statstikkvariabel og år. Finn ut kva gjennomsnittslønna var i Noreg i dei to siste åra du finn tal for. NB: Talet du får ut frå tabellen er gjennomsnittslønna, men variabelen heiter årslønn.
- Les artikkelen Hva er vanlig lønn i Norge? Korleis kan ein berekne gjennomsnittleg lønn? Og finne ut kva som er medianlønn? Kva var medianlønna i Noreg i 2023?
- Kvifor har 60 prosent av lønnstakarane lågare lønn enn gjennomsnittet, ifølgje artikkelen?
- Sjå på tabellen som artikkelen viser til over median og gjennomsnittleg lønn for alle dei om lag 400 yrka SSB har lønnsstatistikk for. Vel ut fem yrke frå "Jeg vil sammenligne" på utdanning.no som du og sidemannen din er interessert i og finn ut korleis gjennomsnitts- og medianlønn er for yrka for åra 2023 og 2024. Er tala for lønn i desse fem valde yrka for 2023 over eller under tala de fann for gjennomsnittslønn og medianlønn i Noreg i 2023 for alle yrka samla? NB: Her må de gonge månadslønna med 12 for å finne årslønn.
Oppgåve C. Lønn
Bruk statistikkbanken og ein artikkel og tabell på ssb.no til å finne ut kva som er vanleg lønn i Noreg, og kva lønna er i ulike yrke som du er interessert i.