Forstørrelsesglass med tall, illustrasjon

I statistikkbanken kan du velje mellom mange ulike tabellar og variablar. Du kan få ut mange interessante resultat frå statistikkbanken som du kan bruke anten i skolearbeidet eller i aktivitetar du er med i på fritida, og der fakta om samfunnet er viktig. Du kan lage dine eigne tabellar i statistikkbanken og laste dei ned til Excel eller eit anna filformat.  

Du kan lage ein tabell i statistikkbanken i desse to til tre hovudstega: 

  • Vel tabell 
  • Vel variablar 
  • Rediger. Til venstre i biletet har du dette valet, og her kan du tilpasse tabellen slik at han blir meir oversiktleg 

I denne videoen på drøyt 3,5 minutt får du ei kort innføring i statistikkbanken:  

Hvordan lage tabell, figur og lagret spørring i Statistikkbanken (video på Vimeo.com)

Treng du å vite meir om korleis du brukar statistikkbanken?

Sjå andre hjelperessursar på sida Hvordan bruke Statistikkbanken. Her har vi ei detaljert rettleiing, svar på ofte stilte spørsmål og annan informasjon.

Løys oppgåve A

No skal du løyse oppgåve A med fem spørsmål om SSBs namnestatistikk. Målet med oppgåva er at du lærer det mest grunnleggande for å kunne bruke statistikkbanken.  

Gjer oppgåva åleine eller i små grupper, og ta ein gjennomgang i heil klasse midt i og/eller etterpå. Diskuter då det som de synest var vanskeleg å få til i statistikkbanken. 

Fleire oppgåver

No er de ferdige med introduksjonen om statistikk, sentrale omgrep, tre viktige sentralmål og statistikkbanken, og de kan gjerne byrje å jobbe individuelt med oppgåver. 

Det er same framgangsmåte for å finne tala i statistikkbanken for alle oppgåvene B–D i neste avsnitt som det var for oppgåva over.