Forstørrelsesglass med tall, illustrasjon

Bruk statistikkbanktabell Befolkning, etter region og år og svar på spørsmåla.

  1. Kor gammal er du, og kor mange i Noreg hadde den alderen i staren av 2026? Tips: Vel «1-årige aldersgrupper» og din alder i boksen for «Alder» og «Hele landet» i “Velg inndeling” for «Region».
  2. Kor mange var det i heimkommunen din som hadde den alderen i 2026? Tips: Vel nå «Kommuner 2024-sammenslåtte tidsserier» i «Velg inndeling» for «Region», og søk på din kommune. 

Døme i fasiten er ein som er 16 år og bor i Nittedal. Framgangsmåten er lik for andre aldrar og kommunar.

1. Kor gammal er du, og kor mange i Noreg hadde den alderen i starten av 2026?

Her vel vi statistikkbanktabell 07459, 2026 for år, «Hele landet» i «Velg inndeling» for «Region, 16 år i menyen for «Alder» og gjer ikkje noko for den valfrie variabelen «Kjønn». Vi finn då at det var 69 837 16-åringar i starten av 2026.

2. Kor mange var det i heimkommunen din som hadde den alderen i starten av 2026? Vel «Kommuner 2024-sammenslåtte tidsserier» i «Velg inndeling» for «Region», og søk  på din kommune.

Vi løyser oppgåva ved å gå til «Region» og velje «Kommuner 2024-sammenslåtte tidsserier» i «Velg inndeling» og søker på Nittedal. Der vel vi «K-3232 Nittedal» og ser i tabellen at det var 402 16-åringar i Nittedal i starten av 2026.