For denne oppgåva er det ingen fasit for vi har jo ulike namn.
Gjer oppgåva åleine eller i små grupper, og ta ein gjennomgang i heil klasse midt i og/eller etterpå. Diskuter då det som de synest var vanskeleg å få til i statistikkbanken.
I. Slik vel du og lagar en tabell
Gå inn på statistikkbanktabell 10467 Fødte, etter fornavn og år.
No kan du velje ulike variablar. Under «Statistikkvariabel» vel du Fødte. Under «År» vel du åra 2007 til og med det siste året du finn tal for. Under «Fornavn» vel du anten guttenavn eller jentenavn ved å klikke på «Velg inndeling». Så vel du anten «Guttenavn» eller «Jentenavn, og trykker «Bekreft». Etterpå søkar du opp og vel namnet ditt. Kor mange fekk det same namnet som deg i åra 2007 til og med det siste året du finn tal for?
Før du løyser resten av oppgåva, les du om kva du kan gjere med den ferdige tabellen i statistikkbanken. Les fram til avsnittet «Lenke til oppdatert tabell».
No løyser du resten av oppgåva (spørsmåla II. til IV. under.
II. Flytt tabellen til Excel eller eit anna filformat
Du kan bruke «Lagre» heilt til venstre i biletet og etterpå velje Excel eller eit anna filformat under «Last ned som fil», og så opne fila du lasta ned, jobbe vidare med tala og eventuelt lagre fila di. Lagre fila di.
III. Rekn ut gjennomsnittet
- Dersom du har teke ut tabell for eit jentenamn: Rekn ut kor mange jenter som fekk dette namnet i gjennomsnitt i løpet av dei åra du har teke ut tal for.
- Dersom du har teke ut tabell for eit gutenamn: Rekn ut kor mange gutar som fekk dette namnet i gjennomsnitt i løpet av dei åra du har teke ut tal for.
IV. Har namnet ditt blitt meir eller mindre populært?
Nå tar du ut tal frå 1880 og til det siste året du finn tal for i den same statistikkbanktabellen (statistikkbanktabell 10467 Fødte, etter år). Bruk variabelen "Andel av fødte (prosent)".
Sjekk kva for år namnet ditt var mest populært, som er året med størst andel. Dette året er typetallet for namnet ditt. Er dette før eller etter at du blei fødd?
Sjå eit døme for to populære jentenamn:
I figuren under ser vi frå den grøne linja at året med høgast andel nyfødde Anna-er, er 1881. For nyfødde var 1881 namnet Anna sitt typetal. Eller sagt slik: 1881 var det året av alle åra 1880–2025 då det var mest typisk for nyfødde jenter å heite Anna. På same måte viser den svarte linja at 1958 var typetalet for namnet Anne fordi 1958 var det året av alle åra 1880–2025 då det var mest typisk for nyfødde jenter å heite Anne. Det var 1 832 nyfødde jenter som fekk namnet Anne i 1958.
Gå gjennom spørsmåla I. til og med IV. i heil klasse. Oppklar det de synest var vanskeleg å få til i statistikkbanken.