Bruk statistikkbanktabell 12453 Elevar i grunnskolen, etter refion, år og framandspråk og svar på spørsmåla.
- Kor mange elevar i grunnskolen hadde spansk som valfag i 2020 og 2025?
- Var det ein oppgang eller nedgang i talet på elevar som hadde tysk som valfag i grunnskolen frå 2020 til 2025?
- Kor mange elevar i gjennomsnitt hadde fransk som valfag i grunnskolen i åra 2020–2025?
1. 63 867 elevar i 2020 og 70 251 elevar i 2025. Her vel vi statistikkbanktabell 12453, 2019 og 2025 for år, ikkje noko eller «0N Heile landet»for «Region», og «Spansk» for «Framandspråk». De kan enten lese tala av direkte i statistikkbanken eller eksportere tabellen, til dømes til Excel. Det gjer du ved å klikke «Lagre» til venstre og velje filformat, og då legg fila seg i nedlastingsmappa di. 2. Var det ein oppgang eller nedgang i talet på elevar som hadde tysk som valfag i grunnskolen frå 2020 til 2025? Ein nedgang, frå 45 615 til 39 036. Du byter «Spansk» med «Tysk» i valet i «Framandspråk». 3. Kor mange elevar i gjennomsnitt hadde fransk som valfag i grunnskolen i åra 2020–2025? Du byter til «Fransk» i valet i «Framandspråk» og tar med alle åra 2020– 2025 for «År». Vi finn gjennomsnittet ved å summere for dei 6 åra 2020–2025 på kalkulator eller i eit rekneark. Summen vi får er 124 859 elevar, og delt på 6 år får vi at det i gjennomsnitt var 20 810 (20 809,83) elevar som hadde fransk som valfag i grunnskolen desse åra.