Ifølgje Noregs Bank kan vi definere ein valutakurs som prisen på eit lands valuta målt mot andre lands valuta, for eksempel norske kroner per euro. Eit konkret eksempel er at det kosta 11,69 norske kroner å kjøpe 1 euro den 23. september 2024, og vi seier at eurokursen då var 11,69 (https://www.noregs-bank.no/tema/Statistikk/Valutakurser/).
Det er ein internasjonal marknad for sal og kjøp av valuta. Valutakursen blir bestemt i den internasjonale valutamarknaden ved at valutakursen skaper likskap mellom tilbod og etterspørsel etter valutaen.
I figuren ser du korleis eurokursen har vore frå 1999 til 2024. Mens du i 1999 måtte betale 8,31 kroner per euro, måtte du i 2024 betale 11,63 kroner. Fordi du måtte betale fleire norske kroner for 1 euro i 2024 enn i 1999, var kronekursen målt mot euro altså svakare i 2024 enn i 1999:
Ein svakare kronekurs: Kan vere fordelar for nokon og ulemper for andre
Den norske valutakursen eller kronekursen har stor betydning for den økonomiske utviklinga. Noreg er ein liten, open økonomi, noko som inneber at handelen med andre land er svært viktig for oss. Ein svak kronekurs kan innebere fordelar for nokre og ulemper for andre.
Svakare kronekurs kan vere ein fordel for bedrifter som eksporterer varene og tenestene sine til utlandet. Når kronekursen blir svekt, blir norske varer og tenester relativt billigare samanlikna med varer frå andre land. Det betyr at norske bedrifter får fleire kroner for varene og tenestene dei sel til utlandet.
For bedrifter som derimot er nettoimportørar (importerer meir enn dei eksporterer), kan svakare krone vere ei ulempe, då varer og tenester dei importerer frå utlandet, blir dyrare i norske kroner. For å kompensere for auka kostnader vil bedriftene sette opp prisane, og prisveksten (inflasjonen) her i Noreg vil auke. Ifølgje SSB er ca. 30 prosent av varene og tenestene som vi konsumerer i Noreg importerte.
Ettersom svakare kronekurs fører til høgare inflasjon, kan svak kronekurs bli oppfatta som ei ulempe blant individ og hushald.
Ein svak kronekurs inneber også at det blir dyrare for nordmenn å bruke pengar på ferie i utlandet. Du får mindre igjen for dei norske pengane dine når du for eksempel skal handle mat og drikke på stranda i Spania. Eller når du skal betale for alt anna på ferien din i utlandet, som leige av bil, mat og drikke på restaurantar, hotellopphald, klede eller kjøp av suvenirar og kunst.
Pris- og lønnsveksten i Noreg samanlikna med andre land er også viktig
Det er likevel viktig å huske at valutakursen berre er den relative prisen mellom ulike lands valutaer, og i seg sjølv ikkje fortel om varer og tenester blir billigare eller dyrare. Kor dyrt det er for nordmenn å handle i andre land, blir ikkje bestemt berre av valutakursen, men også av pris- og lønnsveksten i Noreg samanlikna med andre land. Dersom reallønnsveksten – det vil seie lønnsveksten justert for den generelle prisstigninga – i Noreg er mykje høgare enn for eksempel i Spania, kan det bli billigare for nordmenn å handle i Spania sjølv om krona har svekt seg.
Samtidig har Noreg et oljefond som er investert i utlandet. Når kronekursen svekker seg, aukar verdien av oljefondet målt i norske kroner. Staten kan dermed bruke meir pengar, noko som kjem norske hushald til gode.
Gjer oppgåvene A, B, C, D og E.
Lekve, M. & Skretting, J. (2024). Hva påvirker kronekursen? Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/konjunkturer/artikler/hva-pavirker-kronekursen Norges Bank. (2025). Ofte stilte spørsmål om valutakurser. Kva er ein valutakurs? https://www.norges-bank.no/tema/Statistikk/Valutakurser/valutakurser/ Norges Bank. (2025). Valutakurser. https://www.norges-bank.no/tema/Statistikk/Valutakurser/