Svar på dei tre spørsmåla:
- Du reiste både til Sverige og Danmark i juli 2022 og juli 2024. Kva var kursen for svenske kroner (SEK) og danske kroner (DKK) for desse to månadene? Finn tala hos Noregs Bank.
- Har den norske krona styrka eller svekt seg mot kvar av valutaene SEK og DKK i løpet av desse to åra?
- Basert på valutakursendringane åleine, fekk du meir eller mindre for dei norske kronene dine på ferieturane til Sverige og Danmark i juli 2022 samanlikna med turane i 2024?
- Kursen for svenske kroner (SEK) i juli 2022 og juli 2024 var høvesvis 96,29 og 101,59. For danske kroner (DKK) var kursen i juli 2022 136,81, og i juli 2024 var den 157,04. Note: Kursane for SEK og DKK blei henta 25. september 2024.
- Valutakursen er tal for kor mange norske kroner (NOK) du må gje for 100 svenske eller danske kroner (SEK eller DKK). Du må gje over fem norske kroner meir i juli 2024 enn i juli 2022 for 100 svenske kroner, så kursen på norske kroner svekte seg mot svenske kroner. Kronekursen svekte seg enda meir mot danske kroner, med litt over 20 kroner.
- Sidan den norske krona har svekt seg mot svenske og danske kroner, fekk du isolert sett mindre for dei norske kronene dine på ferieturane i juli 2024 enn i juli 2022.