Det norske flagget på en mynt med andre mynter rundt denne

Finn ut kva kursendringar betyr for bedriftene Nor og Way ved å svare på dei to spørsmåla:

  1. Den norske bedrifta Nor sel sine varer og tenester til USA. Alle varene blir produserte i Noreg og Nor har null import. Kronekursen svekker seg frå 9,6 NOK/USD til 10,5 NOK/USD. Er kronesvekkinga bra eller dårleg for bedrifta isolert sett? Grunngje svaret ditt.
  2. Bedrifta Way frå Noreg importerer varer for 80 000 USD. Desse varene sel Way vidare til norske kundar. Way gjer det i konkurranse med andre bedrifter som lagar tilsvarande varer i Noreg og som ikkje treng å importere. Kva betyr kronesvekkinga frå 9,6 til 10,5 NOK/USD for Ways konkurranseevne i den norske, innanlandske marknaden?

  1. Kurssvekkinga er bra for Nor. Dersom Nor vel å behalde prisane på same nivå som før, vil svakare krone innebere at bedrifta får meir igjen i kroner for same mengde varer. Før svekkinga fekk Nor 960 NOK når bedrifta selde varer for for eksempel 100 USD, no får Nor 1 050 NOK. Svakare krone vil også innebere at Nor kan redusere sine prisar i USA og behalde forteneste per seld vare. Lågare prisar kan gjere at Nor vinn marknadsandelar og får fleire kundar og dermed aukar den samla salsinntekta.
  2. Før kurssvekkinga betalte Way 768 000 NOK for importen med ein verdi av 80 000 USD (80 000 USD x 9,6 = 768 000 NOK). Når kursen svekker seg til 10,5 NOK/USD, må Way betale 840 000 NOK for varen (80 000 USD x 10,5 = 840 000 NOK). Varen har altså blitt dyrare for Way. Når Way skal selje til norske kundar, må bedrifta kanskje auke prisen for å kunne tene nok til å dekke dei auka kostnadene ved importen. Då kan Way risikere å tape i konkurransen med andre bedrifter som lagar same vare i den norske marknaden, og som ikkje importerer frå utlandet. Bedriftene som ikkje importerer, har ikkje same behov som Way for å auke prisane når dei sel til kundane sine.