Det norske flagget på en mynt med andre mynter rundt denne

Finn ut det ved å svare på spørsmål 1 og 2.

I 2019 kosta ei Nike T-skjorte 20 euro (EUR) i eit land i Europa som du reiser på ferie til. Den same T-skjorta kosta 210 kroner (NOK) i Noreg. Gjennomsnittleg eurokurs for 2019 var 9,85 kroner per euro. Frå 2019 til 2024 har prisane for konsumvarer i dette ferielandet auka med 17,5 prosent. I same periode har konsumprisane i Noreg auka med 17 prosent. Prisane på T-skjorta auka i tråd med prisar på andre konsumvarer. I 2024 kosta ein euro 11,63 kroner. La oss anta at lønnsveksten var den same i begge landa. 

  1. Kor var det billigast å kjøpe Nike T-skjorta i 2019?
  2. Kor var det billigast å kjøpe Nike T-skjorta i 2024?

  1. I 2019 var T-skjorta billigast i ferielandet. Vi gongar prisen i euro med valutakursen og får at T-skjorta kostar 197 NOK (norske kroner): 20*9,85 = 197 NOK.
  2. I 2024 var T-skjorta billigast i Noreg.

Vi reknar først ut kva T-skjorta kosta i ferielandet i 2024 etter prisstigninga på 17,5 prosent: 20*(1+0,175) = 23,5 euro.

Så finn vi kva T-skjorta kosta i NOK ved å gonge prisen på T-skjorta i euro med valutakursen: 23,5*11,63 = 273,31 NOK.

Vi må også finne ut kva T-skjorta kostar i Noreg i 2024 etter prisstigninga på 17 prosent fra 2019: 210*(1+0,17) = 245,60 NOK

Sidan T-skjorta kosta 245,60 NOK i Noreg i 2024, men 273,31 NOK i landet du var på ferie i, var den billigast i Noreg.