Lær om korleis blant anna internasjonal uro, rentedifferansar mellom land og endringar i oljepris påverkar valutakursen.
Svar på spørsmåla:
Det er internasjonal uro. Kva kan då skje med små valutaer som den norske krona når vi ser bort frå andre faktorar som påverkar kronekursen, og kvifor?
Renta i Noreg går mykje opp over tid samanlikna med dei fleste andre land, og vi ser at rentedifferansen då utviklar seg positivt for Noreg. Korleis påverkar det investorane sitt ønske om å plassere pengar i Noreg? Korleis kan då kursen på norske kroner utvikle seg, og kvifor?
Prisane på olje og gass søkk mykje over lang tid. Kva kan dette bety for kronekursen, og kvifor?
Norske investorar sel seg ut av investeringane i Noreg og ønsker i staden å investere i utlandet. Kva betyr det for kronekursen, og kvifor?
Kva er ofte den beste predikasjonen på kva som vil skje med kronekursen om eit år?
Kronekursen kan svekke seg ved global uro fordi investorane kan bli redde for at det ikkje skal være trygt å investere i norske kroner. Dei vil då kanskje heller investere i større valutaer som dei forventar at er tryggare, som amerikanske dollar og euro.
Når renta er relativ høg i Noreg samanlikna med andre land, vil ein investor som vil plassere pengar (kapital) kunne føretrekke Noreg framfor andre land fordi den høgare renta i Noreg vil gje større avkastning.
Når prisane på viktige norske eksportvarer søkk over tid, blir Noregs byteforhold overfor utlandet svekt ved at vi får mindre inntekter inn til landet. Då får Noreg over tid mindre moglegheit for å kjøpe varer frå andre land, noko som vil kunne bidra til å svekke kronekursen ved at utanlandske investorar oppfattar den norske økonomien som svakare enn før.
Det går då ein kapitalstraum ut av Noreg. Det vil auke tilbodet av norske kroner i valutamarknaden. Alt anna likt vil det innebere svakare krone.
Den beste predikasjonen på framtidig valutakurs er ofte dagens kurs.