Geometrisk bilde med hvit halvsirkel øverst og svart spiss nederst, illustrasjon

Kva skal de gjere?

  1. Klassen ser på figur 2 og les tekst 3 saman. Les orda i kursiv skrift nøye. Kva trur du dei tyder?
  2. Les teksten åleine eller i små grupper, og skriv ned andre ord du synest er vanskelege å forstå.
  3. Klassen skriv orda inn i ordbanken saman. Snakk om kva dei tyder. Du finn lenke til fila med ordbanken etter spørsmål 4.
  4. Omsett orda til morsmålet ditt. Bruk ordbanken og hjelpemiddel for å omsette. Hjelpemiddel du kan bruke for å finne ut kva eit ord tyder, er for eksempel Nynorskordboka (ordbokene.no) eller Store norske leksikon (snl.no).

Eldrebølge på veg

Mens det i 1950 berre var 8 prosent som var 67 år eller eldre, var det 16 prosent som var så gamle i 2023. I åra framover vil det bli ein endå større del av alle som bur i Noreg som er så gamle. Grunnen til det er at vi ventar at levealderen vil auke, og at færre vil bli fødd.

Andelen barn og unge vil framleis søkke. I 2050 trur vi at 16 prosent vil vere 15 år eller yngre i Noreg.

Allereie i 2026 vil det for første gong vere fleire eldre enn barn her i landet.

I 2060 vil kvar femte innbyggar vere over 70 år.

Kjelde: Dette er Norge 2021Befolkning og Nasjonale befolkningsframskrivinger, Statistisk sentralbyrå