Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.

I dette undervisningsopplegget blir elevane introduserte til fakta og tal om demografi, med vekt på innvandring. Elevane kan lære sentrale ord og omgrep om demografi og innvandring i Noreg og fakta om temaa gjennom å løyse oppgåvene. De kan velje å bruke berre delar av opplegget.

Vi har laga ein ordbank som elevane kan laste ned og bruke i oppgåveløysinga.

Kontakt oss gjerne på skole@ssb.no dersom de har spørsmål eller kommentarar til opplegget.

  • Kunne utforske og beskrive fakta om demografi og innvandring i Noreg
  • Kunne lese ein tekst om temaet
  • Lære sentrale ord og uttrykk på norsk om temaet

Opplegget tek utgangspunkt i læreplanane Grunnleggende norsk, læreplan NOR 07-02 (udir.no) (nivå 3) og Samfunnskunnskap fellesfag vg1/vg2, læreplan SAK 01-01 (udir.no) og desse kompetansemåla:

  • gje att hovudinnhaldet i muntlege tekstar (NOR 07-02, nivå 3)
  • bruke eit fagleg ordforråd (NOR 07-02, nivå 3)
  • lese grafiske framstillingar (NOR 07-02, nivå 3)
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar (SAK01-01)

Vi har delt opplegget inn i ei innleiing, tre korte temadelar med oppgåver, oppsummerande spørsmål og ein del for sluttrefleksjonar.

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.

Leksnes, S & Løkken, S. (2026, 12. juni 2026). Befolkningen eldes raskt de neste ti årene. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/befolkning/befolkningsframskrivinger/statistikk/nasjonale-befolkningsframskrivinger/artikler/befolkningen-eldes-raskt-de-neste-ti-arene

Språkrådet. Universitetet i Bergen. (u.å.). Bokmålsordboka. Nynorskordboka.Ordbøkene.no: https://ordbokene.no

Statistisk sentralbyrå. (2021). Dette er Norge 2021. Oslo: Statistisk sentralbyrå. Hentet fra Dette er Norge: https://www.ssb.no/befolkning/folketall/artikler/dette-er-norge-2021

Statistisk sentralbyrå. (2026, 5. mars). Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldrehttps://www.ssb.no/befolkning/innvandrere/statistikk/innvandrere-og-norskfodte-med-innvandrerforeldre

Statistisk sentralbyrå. (2026, 30. juni). Innvandrere etter innvandringsgrunnhttps://www.ssb.no/befolkning/innvandrere/statistikk/innvandrere-etter-innvandringsgrunn

Statistisk sentralbyrå. (2026, 12. juni). Nasjonale befolkningsframskrivinger. https://www.ssb.no/befolkning/befolkningsframskrivinger/statistikk/nasjonale-befolkningsframskrivinger

Statistisk sentralbyrå. (2026, 20. mai). Befolkning. https://www.ssb.no/befolkning/folketall/statistikk/befolkning

Store norske leksikon. (u.å.).  https://snl.no/