Kva skal de gjere?
- Klassen ser på tabell 2, figur 1 og les tekst 2 saman. Les orda i kursiv skrift nøye. Kva trur du dei tyder?
- Etterpå les du teksten åleine eller i små grupper. Skriv ned andre ord du synest er vanskelege å forstå.
- Klassen skriv orda inn i ordbanken saman. Snakk om kva dei tyder. Du finn lenke til fila med ordbanken etter spørsmål 4.
- Omsett orda til morsmålet ditt. Bruk ordbanken og andre hjelpemiddel for å omsette. Hjelpemiddel du kan bruke er for eksempel Nynorskordboka (ordbokene.no) eller Store norske leksikon (snl.no).
Familie og flukt var lenge dei vanlegaste innvandringsgrunnane. Så auka antal arbeidsinnvandrarar frå 2004. I 2016 blei familie og flukt dei viktigaste grunnane til innvandring igjen. Grunnen til dette var flyktningstraumen til Europa hausten 2015. Frå 2017 til 2021 var arbeid og familie dei viktigaste grunnane til innvandring. Frå 2022 til 2025 har innvandringa til Noreg vore prega av eit historisk høgt antal flyktningar grunna krigen i Ukraina. Innvandringa fall mykje frå 2023 til 2024, men familie og flukt var fortsatt dei vanlegaste innvandringsgrunnane. I 2022 var tilsvarande antal 31 000. Ein annan innvandringsgrunn er utdanning. Det var til saman fleire enn 111 000 innvandrare frå Polen per 1. januar 2025. Den nest største innvandrergruppa var frå Ukraina (nesten 79 700 personar). Kjelde: Innvandrere etter innvandringsgrunn, statistikkbanktabell 07113 og statistikkbanktabell 05184, Statistisk sentralbyrå