340319
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpk/aar
340319
statistikk
2018-07-05T08:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Offentlig sektor
no
soshjelpk, Økonomisk sosialhjelp, sosialhjelpsmottakere, sosialhjelpsytelser, kvalifiseringsprogram, stønadssituasjon, sosialtjenesten, stønadstid, stønadstilfeller, stønadstype (bidrag, lån), personell i sosialtjenesten (for eksempel sosionomer, barnevernspedagoger, kontoransatte), driftsutgifterTrygd og stønad, KOSTRA, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
true

Økonomisk sosialhjelp

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikke fastsatt

Nøkkeltall

6,6

milliarder kroner utbetalt i sosialhjelp i 2017

Økonomisk sosialhjelp
2017
Sosialhjelpsmottakere132 659
Enslige menn i alt52 129
Enslige kvinner i alt29 034
Sosialhjelp som viktigste kilde til livsopphold53 620
Brutto utbetalt sosialhjelp (1 000 kr)6 556 485
Gjennomsnittlig sosialhjelp per måned9 252

Se flere tabeller om emnet

Tabell 1 
Sosialhjelpsmottakere etter stønadstid og familiefase

Sosialhjelpsmottakere etter stønadstid og familiefase
201520162017
Gjennomsnittlig stønadstid i månederGjennomsnittlig stønadstid i månederGjennomsnittlig stønadstid i måneder
Familiefase i alt5,25,15,3
Enslige menn i alt5,15,15,2
Enslige menn under 20 år3,94,34,3
Enslige menn 20-24 år4,84,84,9
Enslige menn 25-44 år5,25,15,3
Enslige menn 45-66 år5,55,55,7
Enslige menn 67 år og eldre3,63,33,7
Enslige kvinner i alt4,95,05,2
Enslige kvinner under 20 år4,24,24,2
Enslige kvinner 20-24 år4,64,64,6
Enslige kvinner 25-44 år5,15,15,2
Enslige kvinner 45-66 år5,45,45,7
Enslige kvinner 67 år og eldre3,73,85,3
Enslige med barn under 18 år5,35,25,6
Enslige menn med barn under 18 år5,14,95,2
Enslige kvinner med barn under 18 år5,45,35,6
Par uten barn under 18 år4,84,85,0
Par med barn under 18 år5,95,76,0
Uoppgitt familiefase0,00,00,0

Tabell 2 
Sosialhjelpsmottakere etter arbeidssituasjon, år og familiefase

Sosialhjelpsmottakere etter arbeidssituasjon, år og familiefase
Sosialhjelpsmottakere
201520162017
Arbeidssituasjon i alt127 372130 405132 659
Arbeid heltid6 5036 0756 420
Arbeid deltid9 6169 81810 161
På statlige arbeidsmarkedstiltak5 5935 9826 188
På kommunale tiltak1 2781 4291 428
Under utdanning5 7776 1996 509
Arbeidsløs50 36650 31650 184
Ikke arbeidssøker35 43235 47435 633
På introduksjonsordningskurs9 04111 72313 087
På kvalifiseringsstønad3 6713 2933 019
Uoppgitt959630

Om statistikken

Statistikken omfatter sosialhjelpsmottakere, stønadssatser for sosialhjelp, deltakere i kvalifiseringsprogram, andre sosiale tjenester i NAV, tiltak for rusmiddelmisbrukere og krisesenter/vold i nære relasjoner.

Definisjoner

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Sosialhjelpstilfelle og sosialhjelpsmottakarar

I statistikken blir det skilt mellom sosialhjelpstilfelle og sosialhjelpsmottakarar. Talet på sosialhjelpstilfelle vil vere høgare enn talet på mottakarar fordi ein og same person kan ha teke imot hjelp i fleire kommunar. Han eller ho blir då talt som fleire sosialhjelpstilfelle. I familiar med to ektefellar er det vilkårleg kven som blir registrert som sosialhjelpsmottakar. I rettleiinga til korleis statistikkskjemaet skal fyllast ut, står det at den av ektefellane som søkjer sosialhjelp først, skal registrerast som klient.

Økonomisk stønad

Både bidrag og lån utgjer det vi kallar økonomisk stønad. Det er brutto utbetalt stønad i løpet av året som blir registrert. Refusjonar frå staten eller tilbakebetalingar av lån blir ikkje registrert i statistikken.

Utgifter til ulike sosiale tenester som opphald i institusjon, støttekontakt, avlasting m.m. skal ikkje registrerast som økonomisk stønad. Det er berre kontantytingar som skal vere med i statistikken.

Viktigaste kjelde til livsopphald

Den inntektskjelda som er størst den siste månaden mottakaren tek imot sosialhjelp, blir definert som klienten si viktigaste kjelde til livsopphald.

Nye sosialhjelpsmottakarar og gjengangarar

Nye sosialhjelpsmottakarar i statistikkåret eller år (t) er definerte som personar som ikkje var registrerte i statistikken året før (t-1). Blant dei vi kallar nye klientar vil det derfor vere personar som har teke imot sosialhjelp før statistikkåret, men då på eit tidlegare tidspunkt enn år (t-1). Klientar som både tek imot stønad i år (t) og år (t-1), blir definerte som "gjengangarar". Talet på nye klientar og talet på gjengangarar, finn vi fram til etter å ha kopla dei to siste årgangane av sosialhjelpsmottakarar med kvarandre ved hjelp av fødselsnummeret. Personar som manglar fødselsnummer er fordelte på kategoriane "nye klientar" og "gjengangarar" i det same forholdet som dei med kjende fødselsnummer.

Standard klassifikasjoner

Statistikken blir presentert etter mellom anna alder, familiefasar, kommune, fylke og kommunestorleik.

Administrative opplysninger

Navn og emne

Ansvarlig seksjon

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk

Regionalt nivå

Tal på nasjonalt, fylkes- og kommunenivå samt bydel for Oslo (og Bergen til og med 2004) er tilgjengelege via KOSTRA.

Hyppighet og aktualitet

Ureviderte tal publiseras 15. mars kvart år - KOSTRA.

Oppretta tal publiseras 15. juni kvart år - KOSTRA.

Endelege tal publiserast ein gong kvart år.

Internasjonal rapportering

Ikke relevant

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Statistisk sentralbyrå har årgangsfiler og filforklaringar.

Bakgrunn

Formål og historie

Formålet med sosialhjelpsstatistikken er å gi informasjon om utviklinga i mellom anna talet på mottakarar av sosialhjelp, det totale utbetalte stønadsbeløpet for økonomisk sosialhjelp og gjennomsnittleg stønad per mottakar.

Statistikk over forsorgsstønad/sosialhjelp har blitt utarbeidd frå og med 1866. Fram til 1881 var det Kyrkje- og undervisningsdepartementet som laga statistikken, deretter overtok Statistisk sentralbyrå. Statistikken blei offentleggjort i NOS Fattigstatistikk 1866-1885, NOS Fattigvesen 1886-1927, Statistiske meldinger 1928-1958, NOS Forsorgsstønad og kommunal trygd 1959-1964, NOS Sosialhjelpsstatistikk 1966-1976 og NOS Sosialstatistikk frå 1977. Frå og med 1965 blei forsorgsstønaden avløyst av sosialhjelp som gitt etter lov om sosialomsorg av 1964. Statistikken blei lagt om frå summariske kommuneoppgåver til individoppgåver om det einskilde sosialhjelpstilfelle. Den nye statistikken kom i gang frå og med 1966.

Individstatistikkane blei endra i 1992, og det blei innført eit nytt registreringssystem for økonomisk sosialhjelp. Det blir no berre samla inn opplysningar om personar som har teke imot økonomisk sosialhjelp. Endringar i statistikken frå 1996 gjer og at samanlikningar med tidlegare år kan vere vanskeleg. Ny sosiallov - lov om sosiale tenester trådde i kraft frå 1. januar 1993, og lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga frå 1. januar 2010.

Frå og med 2001 skjer all rapportering gjennom KOSTRA som er basert på elektronisk innrapportering frå kommunane til Statistisk sentralbyrå. KOSTRA-publiseringa baseras i stor grad på kopling av data frå ulike kjelder, slik som regnskapsdata, teneste- og personelldata og befolkningsdata.

Til og med statistikken for 2013 vart kvalifiseringsstønad publisert som ein særskild statistikk. Frå og med 2014 er han ein del av sosialstatistikken.

Brukere og bruksområder

Brukarane er Arbeids- og sosialdepartementet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fylke og kommunar, granskings- og utgreiingsmiljø, media og studentar innan helse- og sosialfag. Statistikken blir og brukt i offentleg planlegging, utdanning og offentleg debatt. KOSTRA er meint å skulle gi styringsinformasjon om kommunar og fylkeskommunar, til bruk for befolkning og media, kommunane sjølv og for statlige styringsorgan.

Likebehandling av brukere

Ikke relevant

Sammenheng med annen statistikk

Økonomisk sosialhjelp er og ein del av Statistisk Sentralbyrås inntektsstatistikk.

Sjå: http://www.ssb.no/emner/05/01/

Tala blir samla inn gjennom KOSTRA

Sjå: http://www.ssb.no/kostra/

Lovhjemmel

Lov av 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (Statistikkloven), §§ 2-2, 3-2.

Lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.

EØS-referanse

Ikke relevant

Produksjon

Omfang

Sosialhjelpsstatistikken byggjer for det meste på opplysningar om kvar einskild mottakar av økonomisk sosialhjelp i kommunane. Statistikken omfattar alle som mottar sosialhjelp i det aktuelle året. Den har opplysningar om mottakaren sitt kjønn, alder, ekteskapeleg status og sjølvrapporterte tal på kor mange barn dei (ev. ektefelle/partnar) har forsørgjaransvar for. Statistikken har og sjølvrapporterte opplysningar om kva som er deira viktigaste kjelde til livsopphald, kva for trygdeyting dei mottar, kva forhold dei har til arbeidsmarknaden, kor stort beløp dei får utbetalt alt i alt og for kor lenge.

Frå og med 1992 er det innhenta opplysningar om mottakarane sin økonomiske situasjon den siste gangen dei fekk sosialhjelp det aktuelle året, kva for månad dei mottok stønad (tidlegare blei berre tal på månader med stønad registrert), og om dei har motteke arbeidsmarknadstiltak, yrkesmessig attføring eller annen utdanning/opplæring.

Frå 1997 er berre mottakarar med eit positivt beløp rekna med i statistikken. Dermed er til dømes tilbakebetalingar på lån ikkje tekne med, jf punkt 4.1 om Økonomisk stønad.

Datakilder og utvalg

Den kommunale sosialtenesta er opphav til opplysningane sosialhjelpsstatistikken byggjer på.

Til innhenting av opplysningane nyttas KOSTRA.

Skjema 7 Personell og verksemd i sosiale tenester i NAV, rusmiddeltiltak, introduksjonsordning og krisesenter per 31.12

Skjema 12 Stønadssatser økonomisk sosialhjelp

Skjema 11 Registreringsskjema for sosialhjelp

Statistikken baserer seg ikkje på utval, men på registreringar av alle stønadsmottakarar ved sosialkontora i alle landets kommunar.

Datainnsamling, editering og beregninger

Innsamlinga skjer ved årleg innsending av elektroniske skjema og filuttrekk. Dersom ein kommune ikkje maktar å levere gode nok data innan den endelege publiseringa, vert tal frå året før nytta.

Kommunane har oppgåveplikt og skal årlig levere de etterspurte opplysningane til Statistisk sentralbyrå. Oppgåvebyrden varierer etter talet på sosialhjelpsmottakarar i kommunen. Det blir ikkje føretatt noko særskilt måling av dette.

Statistisk sentralbyrå gjennomfører logiske kontroller av datamaterialet, i tillegg samanliknas data med opplysningar frå tidlegare år. Kommunane blir kontakta dersom det er manglande opplysningar eller store avvik i data ut frå det ein erfaringsmessig forventar.

Data som er sende inn, blir kontrollerte på den måten at alle kommunane får attende tabellar med ureviderte opplysningar om stønadsmottakarar, stønadstid og stønadsutbetalingar. Denne informasjonen skal kommunen sjekke mot andre/eigne informasjonskjelder. Det blir òg sendt ut lister over personar der viktig informasjon manglar eller er feil.

Det meste av kontrollarbeidet har som mål å sikre at hovudtala i statistikken er pålitelege. Dette gjeld særleg opplysningar om talet på sosialhjelpsmottakarar, kor mykje stønad dei har teke imot, og kor mange månader dei har teke imot sosialhjelp.

Det er i tillegg gjort enkelte maskinelle korreksjonar i datamaterialet &– til dømes har alle mottakarar som er 67 år eller eldre blitt satt som mottakarar av alderspensjon så fremt dei ikkje mottek supplerande stønad. Mottakarar som oppgjer at introduksjonsstønad er deira viktigaste kjelde til loveopphald, blir gjevne verdien Kurs gjennom introduksjonsordninga som deira viktigaste arbeids-/livssituasjon. Dersom ein mottakarar har uføre-, etterlatne- eller alderspensjon får denne Ikkje arbeidssøkar som sin viktigaste arbeids-/livssituasjon. Medan dei som har stipend/lån som viktigaste kjelde til livsopphald, får Under utdanning som sin viktigaste arbeids-/livssituasjon.

Forutan å berekne kor mye sosialhjelp som blir utbetalt i kvart tilfelle og per innbyggjar, blir det òg berekna kor stor del av befolkninga som mottar økonomisk sosialhjelp (per 1 000 innbyggjarar).

Sesongjustering

Ikke relevant

Konfidensialitet

Tal blir ikkje presenterte dersom færre enn fire einingar ligg til grunn.

Sammenlignbarhet over tid og sted

Frå og med 1996 til 1997 blei det gjort ein del endringar i statistikken som fekk innverknad på nokre av resultata slik at samanlikningar med tidlegare år er vanskeleg, Endringane omfattar mellom anna registrering av arbeidssituasjonen til arbeidstakarane, registrering av sambuarar og registrering av statsborgarskap. Frå og med 1999 har sosialtenesta vore med i KOSTRA rapporteringa, men sidan kommunen har komme med i KOSTRA gradvis vil det her ikkje være mogeleg å finne tidseriar for alle kommunane.

Statistikken over tilsette i sosialtenesta blei frå og med 1992 endra slik at sosialtenesta og barneverntenesta no blir handsama som to separate tenester sjølv om dei i mange kommunar er organiserte innanfor eit og same kontor. Etter at alle kommunane i 2001 vart med i KOSTRA er det òg innført funksjonar i rapporteringa over tilsette, noko som gjer statistikken meir detaljert ein tidligare.

I 2003 kom ei ny lov, lov om introduksjonsordning for nykomne innvandrarar (introduksjonslova). Lova trådde i kraft som ei frivillig ordning for kommunane frå 1. september 2003, og blei obligatorisk frå 1. september 2004. I 2003 blei rapporteringsskjemaet for sosialhjelpsmottakarar utvida til òg å inkludere mottakarar av introduksjonsstønad. Introduksjonslova trådde i kraft midt i rapporteringsåret, dette saman med manglande oppdatering av interne fagsystem i kommunane gjorde det umogleg å skilje mottakarane av dei to ordningane i 2003. Sjølv om det for 2004-rapporteringa blei utvikla eit eige skjema for mottakarar av introduksjonsstønad, har det at ordninga starta seint på året medført at mange er registrerte som mottakarar av sosialhjelp i byrjinga av året og så som mottakarar av introduksjonsstønad mot slutten av året. Samanblandinga av dei ulike mottakargruppene i store delar av året har gjort det umogeleg å skilje beløpa frå dei to stønadane. Dette gjer at rapporteringane for 2003 og 2004 i liten grad kan samanliknast med tidlegare eller seinare år, samstundes som dei heller ikkje kan samanliknast med kvarandre.

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Det er vanskeleg å finne fram til visse typar feil, til dømes der talet på klientar og/eller utbetalingar av sosialhjelp er for lågt eller for høgt. I desse tilfella må kommunane sjølve, på grunnlag av det ureviderte tabellmaterialet vi har sendt ut, ta kontakt for å få retta opp feil. Det kan hende vi ikkje får med alle som har teke imot sosialhjelp. Det er vanskeleg å seie kor mange klientar og kor mykje utbetalt sosialhjelp vi ikkje får med i statistikken.

I noen av statistikkoppgåvene vil det vere spørsmål som ikkje er fylte ut, eller opplysningar som er unøyaktige eller står i strid med kvarandre. Det vil sjølv etter at kontrollarbeidet er slutt, kunne vere feil i delar av det materialet som statistikken byggjer på. I Statistisk sentralbyrå er data kontrollerte for dublettar eller dobbeltteljingar. Fordi ikkje alle klientane har fullstendige fødselsnummer kan det likevel førekome at same klient opptrer fleire gonger i det samla datamaterialet.

Personellregistreringa i sosialtenesta byggjer på oppgåver frå den einskilde kommune eller bydel. Ein viktig feilkjelde i registreringsarbeidet er at skilje mellom sosialtenesta og andre kommunale tenester er uklar. Særleg gjeld dette stillingar knytte til tiltak som rettar seg mot grupper av funksjonshemma, flyktningar, rusmiddelmisbrukarar og unge arbeidsledige. Mindre endringar i talet på tilsette kan derfor skyldast registreringsfeil og ikkje reelle endringar i bemanninga. Frå og med 2005 er ikkje årsverk knytt til introduksjonsordninga rekna med i sosialtenesta. For 2003 og 2004 er det ikkje mogleg å skilje desse ut.

Partielt fråfall førekjem i varierande grad for ulike deler av statistikken, jf punkt 5.1.

Statistikken bygger på fulltellingar.

Statistikken bygger på fulltellingar.

Revisjon

Ikke relevant

Faktaside

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB