Statistikken økonomisk sosialhjelp syner at det var omlag 166 400 Sosialhjelpsmottakarar er dei som får vedtak om stønad til livsopphold etter sosialtenestelova §§18 og/eller 19. i 2024, noko som var om lag 14 000 fleire mottakarar enn i 2023. I 2024 var det dei med norsk For personer fødd i utlandet, er dette (med nokre få unntak) eige fødeland. For personar som er fødde i Noreg er det foreldra sitt fødeland. I dei tilfelle der foreldra har ulikt fødeland, er det fødelandet til mora som vert valgt. Dersom ikkje personen sjølv eller nokre av foreldra er fødd utanlands, vert landbakgrunn henta frå dei fyrste utanlandsfødde ein treff på i rekkjefylgja mormor, morfar, farmor eller farfar. som var den største gruppa med i underkant av 57 000 sosialhjelpsmottakarar, ein auke på om lag 1 150 mottakarar frå 2023 (sjå figur 1).
Etter dette følgde dei med landbakgrunn frå Ukraina, med om lag 30 600 sosialhjelpsmottakarar som var ein auke på nesten 9 000 frå 2023. Det var 11 100 sosialhjelpsmottakarane frå Syria, som var knapt 1 000 fleire enn året før. Om lag 8 300 med landbakgrunn frå Somalia mottok sosialhjelp i 2024, noko som var i underkant av 200 fleire enn i 2023.
Dei med landbakgrunn frå Eritrea og Irak hadde i underkant av 4 000 mottakarar av sosialhjelp kvar, ein liten nedgang frå året før. Etter det kom dei med landbakgrunnane Russland med meir enn 3 300 mottakarar, Afghanistan, Sverige og Polen med om lag 3 000 kvar i 2024. Alle fire landa hadde ein auke i talet på sosialhjelpsmottakarer. Sverige hadde ein auke på i overkant av 1 prosent fleire sosialhjelpsmottakarar frå året før, Afghanistan nesten 6 prosent, Polen om lag 12 prosent. For Russland var det nesten 20 prosent fleire sosialhjelpsmottakarar i 2024 samanlikna med 2023.
Dei resterande landa, samt personar som var utan registrert landbakgrunn hadde i underkant av 40 000 sosialhjelpsmottakarar, ein auke på meir enn 4 prosent frå 2023.
Mest sosialhjelp betalt ut til ukrainere
Sosialhjelp er ein kommunal og mellombels stønad som det kan søkjast om på Nav-kontora. I 2024 betalte Noregs kommunar ut om lag 11,9 milliardar kroner i økonomisk sosialhjelp, noko som var ein auke på heile 21 prosent frå 2023. Sosialhjelpsmottakarar frå dei ti landa som er nemnde over mottok til saman 76 prosent av sosialhjelpsutbetalingane i 2024, noko som utgjorde om lag 9 milliardar kroner.
Det var sosialhjelpsmottakarane frå Ukraina som fekk den største delen av den totale utbetalinga (sjå figur 2) med nesten 2,8 milliardar kroner, noko som var ein auke på meir enn 1,2 milliardar kroner frå 2023.
Ukrainske kvinner fekk 1,8 milliardar kroner av utbetalingane, ein auke på meir enn 772 milionar kroner frå året før. Ukrainske menn mottok ein lågare del med nesten 970 millionar kroner som var ein auke på meir enn 451 millionar kroner frå 2023.
Dei med norsk landbakgrunn fekk nesten 2,5 milliardar kroner av sosialhjelpsutbetalingane, noko som er den nest største delen av sosialhjelpa som vart utbetalt i 2024. Dette var også ein auke på nesten 119 millionar kroner frå 2023. Norske menn fekk største delen av utbetalingane med meir enn 1,4 milliardar kroner samanlikna med norske kvinner som mottok noko over 1 milliard kroner.
Sosialhjelpsmottakarar frå Syria og Somalia mottok høvesvis meir enn 1,1 milliardar kroner og 974 millionar kroner utbetalt frå Nav-kontora i 2024. Blant syrarar vart det utbetalt nesten 711 millionar kroner til menn og 453 millionar kroner til kvinner. Til samanlikning mottok somaliske kvinner største delen av utbetalingane med nesten 598 millionar kroner, medan somaliske menn fekk over 376 millionar kroner.
Mest vanleg å få sosialhjelp i 1 til 3 månader
Det varierer kor mange månader mottakarar fekk sosialhjelp i løpet av 2024. Figur 3 syner stønadstida blant mottakarar frå dei ti landa omtala i denne artikkelen.
Hos mottakarar med landbakgrunn frå Sverige, Noreg og Polen fekk mellom 49 og 55 prosent sosialhjelp i 1-3 månader i 2024. For mottakarar frå Eritrea var det i underkant av 38 prosent av mottakarane som fekk stønad i 1-3 månader. For øvrige seks land var stønadstida i denne kategorien mellom 27 til 34 prosent.
I kategorien for mottak av sosialhjelp i 4-6 månader hadde mottakarar frå Ukraina ein større del samanlikna med dei andre landa, med meir enn 22 prosent, ein nedgang på 4 prosentpoeng frå året før. Elles var det relativt likt mellom resten av landa i denne kategorien, som varierte mellom 17 og 21 prosent.
Stønadstida 7 til 9 månader hadde mottakarar frå Ukraina ein noko høgare del av, samanlikna med dei andre landa, med i underkant av 18 prosent. Elles fordelte mottakargruppene seg relativt likt for dei resterande landa når det gjaldt denne stønadstida, med 10 til i underkant av 15 prosent som fekk sosialhjelp i 7 til 9 månader.
Vidare var det tre land med ein særs høg del i kategorien stønadsmottak 10-12 månader, samanlikna med dei sju andre landa. Om lag 40 til 41 prosent av mottakarane frå Somalia, Irak og Russland fekk sosialhjelp i denne kategorien. Etter dette følgde mottakarar frå Ukraina, Afghanistan og Syria med delar som om lag varierte mellom 29 til 33 prosent. Dei resterande landa som hadde same stønadstid varierte mellom 15 og 27 prosent. Størst auke i denne stønadskategorien hadde mottakarar frå Ukraina med meir enn 11 prosentpoeng. Dette tyder på ein større auke i langtidsmottak blant ukrainere samanlikna med dei andre ni landa.
Flest sosialhjelpsmottakarar i alderen 26 og 45 år
Meir enn 48 prosent av alle sosialhjelpsmottakarar i Noreg var i aldersgruppa 26 til 45 år. Dette var den alderen kor dei aller fleste søkjer om sosialhjelp fra Nav-kontora og også for dei ti landa var 48 prosent av dei som mottok sosialhjelp i same aldersgruppa. Deretter følgde aldersgruppa 46 til 59 år kor det var nesten 22 prosent mottakarar, omlag same nivå som for alle sosialhjelpsmottakarar i Noreg. Sosialhjelpsmottakarar frå dei ti landa hadde om lag 18 prosent i alderen 17-25 år og meir enn 12 prosent som var 60 år og eldre, noko som er same nivå som året før og også likt med det totale talet sosialhjelpsmottakarar i Noreg.
Om vi ser nærare på dei einskilde ti landa, var sosialhjelpsmottakarane noko ulikt fordelt etter alder. Mottakarar frå Noreg, Sverige, Eritrea og Afghanistan hadde flest mottakarar i aldersgruppa 26-35 år, delen varierte mellom 26 og 32 prosent av det totale talet på mottakarar i dei ulike landgruppene (sjå figur 4).
Delen mottakarar var størst i aldersgruppa 36 til 45 år for landa Polen, Ukraina, Somalia og Syria med omtrent 27 til 29 prosent av det totale talet på mottakarar i dei høvesvise landgruppene. Dei med landbakgrunn frå Irak hadde flest sosialhjelpsmottakarar i aldersgruppa 46 til 59 år med meir enn 30 prosent av det totale mottakartalet i gruppa. Mottakarar med landbakgrunn frå Russland peikar seg ut ved at aldersgruppa 60 år og eldre er den største gruppa som mottek sosialhjelp med over 36 prosent av alle mottakarar. Personar med landbakgrunn frå Ukraina har meir enn 18 prosent sosialhjelpsmottakarar i same aldersgruppa. For dei andre landa varierer det mellom knapt 5 prosent til meir enn 13 prosent for denne eldste aldersgruppa på sosialhjelp.

