343385
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/aar
343385
statistikk
2018-07-05T08:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrKOSTRA, Avfall, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
true

Avfall frå hushalda

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

426 kg

hushaldsavfall per innbyggjar

Hushaldsavfall. Hovudtal1
I altI altI alt%-vis endring%-vis endring
2015201620172015 - 20162016 - 2017
1Avfallsmengden er korrigert ned dersom næringsavfall er innblanda i hushaldsavfallet
2Levert til materialattvinning inkluderer avfall til kompostering og biogass
Rettet 15. august 2018.
I alt. 1000 tonn2 2882 2772 255-0,5-1,0
Kg per innbyggjar2438,8433,0425,8-1,3-1,7
Levert materialattvinning. 1000 tonn28678688810,11,5
Levert materialattvinning. Kg per innbyggjar166,2165,0166,3-0,70,8

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Hushaldsavfall fordelt på materiale. 1000 tonn.

Hushaldsavfall fordelt på materiale. 1000 tonn.1
201520162017
1Avfallsmengden er korrigert ned dersom næringsavfall er innblanda i hushaldsavfallet
Rettet 10. august 2018.
I alt2 2882 2772 255
Restavfall986977950
Papp og papir270260251
Glass606366
Plast374044
Metaller849091
EE485050
Matavfall og annet våtorganisk avfall181189192
Tre283284283
Hageavfall164153149
Tekstiler002
Utsortert brennbart343438
Farlig avfall626266
Annet797573

Tabell 2 
Hushaldsavfall etter handsaming. Fylke. 1000 tonn.

Hushaldsavfall etter handsaming. Fylke. 1000 tonn.1
I altLevert til materialattvinningLevert til komposteringLevert til biogassproduksjonLevert til forbrenningLevert til deponiLevert til anna handtering
1Avfallsmengden er korrigert ned dersom næringsavfall er innblanda i hushaldsavfallet
Rettet 10. august 2018.
20152 288527246941 3236831
20162 2775362281051 3236522
20172 2555482241081 2846921
 
2017
Østfold12127528421
Akershus24363241513651
Oslo21854141712670
Hedmark101261195031
Oppland100256115324
Buskerud1503812138060
Vestfold1244220154700
Telemark9722785532
Aust-Agder60141003231
Vest-Agder96201405750
Rogaland1914044010322
Hordaland22649141149111
Sogn og Fjordane4812802710
Møre og Romsdal10625636552
Sør-Trøndelag12332718031
Nord-Trøndelag6617483061
Nordland94241235122
Troms Romsa6013604011
Finnmark Finnmárk295201912

Om statistikken

Statistikken viser mengda avfall frå hushalda fordelt på materiale og handsaming, og kva for renvasjonsordningar som er tilbydd innbyggjarane i kommunane. Det omfattar og sjølvkosttal, tala som ligg til grunn for berekning av avfallsgebyret. Tala er samla inn via KOSTRA for alle landets kommunar.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Attvinning: Nyttiggjering av avfall i form av materialattvinning eller forbrenning med energiutnytting.

Attvinningsstasjonar: Betente eller ubetente mottak av avfall, kvar abonnenten sjølv transporterar avfallet og sorterer det i containerar. 

Deponi: Permanent disponeringsstad for avfall ved deponering av avfallet på eller under bakken.

Direkte driftsutgifter: Arbeid, varar og tenester som kommunen brukar for å yte tenesten. Utgiftene kan direkte  knyttast til den aktuelle tenesten.

Energiutnytting: Blir berekna ut i frå kor stor del av energien som blir nytta til oppvarming og liknande.

Farleg avfall: Avfall som ikkje hensiktsmessig kan handsamast saman med anna avfall fordi det kan medføre alvorlige forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr.

Finansiell dekningsgrad: Uttrykker forholdet mellom kommunens gebyrinntekter i året, og kommunens gebyrgrunnlag for året. Nøkkeltalet er ein indikator på korleis gebyrinntektene vil utvikle seg i forhold til gebyrgrunnlaget dei neste åra. Nøkkeltalet må sjåast i samanheng med kommunens sjølvkostgrad

Gebyrgrunnlag: Kommunens samla utgifter (direkte og indirekte driftsutgifter og kalkulatoriske kapitalkostnadar) som ligg til grunn for berekning av gebyra.

Glas: Kasserte forbruksvarer og emballasje av glas frå hushald. Dersom glas og metall leverast samla, kan mengdene fordelast mellom glas og metall i forholdet 90 % glas og 10 % metall.

Grovavfall: Avfall frå hushalda som ikkje kan leverast i den vanlege avfallsinnsamlinga, men som abonnentane sjølv må transportere til attvinningsstasjonar eller liknande.

EE- avfall: Alt elektrisk og elektronisk avfall som samlast inn i forbindelse med forskrift, samt innsamling av kuldemøblar, kvitevarer som kjøle- og fryseapparat som innehelder klorfluorkarboner (KFK).

Hageavfall: F.eks. kvist og gras frå hagar og parkområde.

Henførbare indirekte driftsutgifter: Utgifter som er henført til administrasjon, kontroll eller revisjon.

Hushaldsavfall: Avfall frå normal verksemd i ei hushald (matrestar, emballasje, papir, kasserte møblar mm), også større gjenstandar. Avfall frå private hushald, fritidsbustader, studentbustader, pleie- og omsorgsbustader reknast med. Reine massar (jord, stein og grus) og kloakkslam er ikkje rekna som hushaldsavfall. Vraka bilar, heimekompostert mat- og hageavfall er ikkje medrekna i tala. Næringsavfall (avfall frå institusjonar, restaurantar, skular, militærleirar mm.) er ikkje medrekna i tala. For ein kommune medreknast kun hushaldsavfall som kom frå kommunen, ikkje avfall frå andre kommunar eller regionar, sjølv om det blei handsama på avfallsanlegg i kommunen.

Hytteabonnentar: Talet på abonnentar tilknytt hytterenovasjonen i kommunen.

Kalkulatoriske avskrivningar: Kostnadar ved bruk av varige driftsmidler som brukarane drar nytte av over fleire år, vert fordelt over samme avskrivningsperiode som i årsrekneskapen. Avskrivningane er lineære.

Kalkulatorisk rentekostnad (alternativkostnad): Eit uttrykk for alternativkostnaden ved å binde opp kapital i dei ulike sektorane.

Kommunalt avfall: Hushaldsavfall pluss hushaldsliknande avfall frå næringslivet.

Plast: Kasserte forbruksvarer og emballasje av plast frå hushald. Ikkje gummi.

Materialattvinning: Utnytting av avfallet slik at materialet behaldast heilt eller delvis. Eit døme er produksjon av skrivepapir frå innsamla returpapir.

Metall: Kasserte forbruksvarer og emballasje av jern og metall frå hushald. Gjelder også metallemballasje som er samla inn saman med glas. Omfattar ikkje bilvrak..

Restavfall: Avfallet som blir att etter at reine materialfraksjonar eller blanda brennbare fraksjonar er utsortert. Dette er avfall som går direkte til slutthandtering i form av deponering eller forbrenning.

Sjølvkost: Den totale kostnadsauka ein kommune eller eit selskap har ved å produsere ein bestemt vare eller teneste.

Sjølvkostfond: Kvart sjølvkostområde skal ha sitt eige sjølvkostfond. Differansen mellom gebyrinntekter og gebyrgrunnlag avsettast til eit sjølvkostfond hvis det er overskot, og motreknast mot eit sjølvkostfond hvis det er underskot, føresett at det er vedtatt at det skal vere full kostnadsdekning på gebyrområdet. Det samme gjeld hvis det er vedtatt at ein del av sjølvkost skal dekkast inn av gebyrar betalt av brukarane.

Sjølvkostgrad: Uttrykker forholdet mellom kommunens gebyrinntekter i året og kommunens gebyrgrunnlag for året tillagt avsetning til sjølvkostfond/ dekning av framført underskot eller fratrukket bruk av sjølvkostfond/ framføring av underskot. Nøkkeltalet visar i kva grad kommunen har greidd å dekke kostnadane på sjølvkostområdet med gebyrar betalt av brukarane.

Tekstilar: Forbruksavfall, f.eks. kasserte klede, garnavfall, tøybitar, o.l. Innsamling i regi av f.eks. UFF, Fretex e.l. skal ikkje takast med.

Treavfall: Spon, flis, bark og avkapp, samt kasserte trematerialar, f.eks. møbler, pallar og rivings­materialar.

Utsortering for attvinning: Avfall som hushalda sorterer ut heime eller som blir sortert på avfallsplassen. Etter utsortering vil avfallet kunne bli materialattvunne, kompostert, brent med energiutnytting eller brukt som fyllmasse. Frå denne handteringa kan det bli ein rest som i dei fleste tilfella går attende til deponi.

Utsortert brennbart avfall: Brennbare fraksjonar som er sortert ut for å leverast samla til forbrenning i eit samforbrenningsanlegg. Om dei brennbare fraksjonane leverast til eit vanleg avfallsforbrenningsanlegg, skal det førast som restavfall. Ein forutsetter at det etter utsortering óg vil bli ein rest att som førast på "Restavfall".  

Våtorganisk avfall: Organisk avfall som lett kan brytas ned i biologiske prosessar. Frå hushalda er det vanlegvis matavfall, men det kan og innehalde visne blomar, bleier og tørkepapir.

Årsinnbyggjarar: Når det skal bereknast kg per innbyggjar for kommunane blir innbyggjartalet justert  for hytteabonnentar for å kompensere for det ekstra hushaldsavfallet som kjem frå hytterenovasjonen. I snitt blir kvar hytte brukt av fire personar ca. 30 dagar per år. Omrekna utgjer tre hyttar ein ekstra innbyggjar.

For fleire definisjonar knytta til sjølvkost vises det til Kommunal- og moderniseringsdepartementets veileder i selvkost.

 

Standard klassifikasjonar

Dei 428 kommunene er gruppert i 16 grupper, etter folkemengd og økonomiske rammebetingelser. Grupperinga er basert på Langørgen, A., R. Aaberge og E.R. Åserud (2001): Gruppering av kommuner etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser 1998. Rapporter 2001/35, Statistisk sentralbyrå.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Avfall frå hushalda
Emne: Natur og miljø

Ansvarleg seksjon

Seksjon for naturressurs- og miljøstatistikk

Regionalt nivå

Kommune – data for alle kommunar som har rapportert tall,  med gjennomsnittstal for kommunegrupper, fylker og landet med Oslo og landet utanom Oslo.   

Kor ofte og aktualitet

Årleg.

Foreløpige KOSTRA- tal publiserast 15. mars.

Reviderte KOSTRA- tal publiserast 15. juni.

Internasjonal rapportering

Tala inngår i Noregs rapportering av avfallsstatistikk til Eurostat og OECD

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med statistikken er å gje ei oversikt over avfall frå hushalda. Det omfattar mengder avfall samla inn i kommunane, ulike handteringsmåtar og renovasjonsordningar tilbudd kommunanes innbyggjarar.

Statistikken blei oppretta i 1992, under namnet «Kommunalt avfall». Næringsavfall tatt hand om av kommunal renovasjon var då inkludert i statistikken. I 2001 blei næringsavfallet tatt ut av statistikken, og statistikken skifta namn til «Avfall frå hushalda».

Tal for heile landet er publisert årleg sidan 1992, og bygde på fullteljingar kvart tredje år og utvalsteljingar for åra fram til 2000. Tal for kommunar er publisert kvart tredje år fram til 2000.

Frå 2001 er tal for kommunane publisert årleg og KOSTRA blei tatt i bruk som innrapporteringsportal.

Brukarar og bruksområde

KOSTRA gjer styringsinformasjon om kommunar og fylkeskommunar, til bruk for befolkning og media, kommunane sjølve og for statlege styringsorgan. For hushaldsavfall vil sentrale brukarar vere Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet, fylkesmennenes miljøvernavdelingar, interesseorganisasjonar og media. Tala inngår i Noregs rapportering av avfallsstatistikk til Eurostat og OECD.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Mengder hushaldsavfall blir og berekna i Avfallsrekneskapen for Norge. Tala der vil vere noko høgare fordi vraka bilar, heimekompostert matavfall og papir til opptenning er medrekna.

Lovheimel

Opplysingar om avfallsmengder og renovasjonsordningar er samla inn med heimel i forureiningslovens §49 og omarbeidd til offisiell statistikk i medhald av lov av 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Data blir samla inn frå alle kommunar og interkommunale avfallsselskap.

Datakjelder og utval

KOSTRA- skjema 21 Hushaldsavfall: Alle kommunar rapporterer om renovasjonsordningar.

KOSTRA- skjema 21C Hushaldsavfall i interkommunal renovasjon.

KOSTRA- skjema 23 Kostnadsdekning i vann-, avløps- og avfallssektoren, detaljplanlegging, bygge- og delesaksbehandling, kart og oppmåling.

KOSTRA- skjema 22 Kommunale gebyrar.

Datainnsamling, editering og beregninger

Data blir rapportert elektronisk ein gong i året gjennom KOSTRA. Frist for rapportering er 15. februar.

Data kontrollerast før innsending ved hjelp av kontrollar i elektroniske skjema. Etter innsending blir det kontrollert for openbare feil og sjekka mot landsgjennomsnitt og fjorårets verdiar.

Kommunane har frist til 15. april med å sende oppretta data etter publiseringa 15. mars. Editering skjer og i regi av SSB, i samråd med kommunane, fram mot publisering av endelege tal 15. juni.

Interkommunale avfallsselskap rapporterer avfallsmengder samla for sine medlemskommunar. Avfallsmengdene for desse kommunane er berekna og fordelt etter innbyggjartal justert for hytteabonnentar. Derfor vil nøkkeltal for nabokommunar som er knytt til felles avfallsselskap vere tilnærma lik. Små skilnader er forårsaka av avrundingsfeil.

Avfallsmengdene blir korrigert ned dersom næringsavfall er innblanda i hushaldsavfallet. Grovavfall som er levert direkte frå hushald til avfallsanlegg eller attvinningsstasjonar blir lagt til der dette ikkje er gjort av oppgåvegivar.

For indikatoren "Husholdningsavfall per innbygger (kommune)" er innbyggjartalet justert opp for hytteabonnentar på kommunenivå. Det blir berekna at fire personar brukar ei hytte ein månad kvart år.

For "Husholdningsavfall per innbygger (fylker og landet)" og " Levert til materialattvinning og biologisk handtering per innbyggjar (fylker og landet)", som brukast for å vise lands- og fylkesgjennomsnitt, er det ikkje justert for hyttar.

Indikatoren "Levert til materialgjenvinning og biologisk behandling per innbygger " er summen av alt avfallet som er sortert ut og levert til materialattvinning, kompostering eller biogassproduksjon.

"Andel husholdningsavfall sendt til materialgjenvinning og energiutnyttelse" seier kor stor attvinningsgraden er for avfallet. Her brukast ein vekta gjennomsnittleg energiutnyttingsgrad for alle avfallsforbrenningsanlegg i landet, og som var 77 prosent i 2010. Berekning: (utsortert mengd avfall sendt til materialattvinning) + (utsortert mengd avfall sendt til forbrenning x 77 prosent) + (mengd restavfall sendt til forbrenning x 77prosent).  

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Statistikk over avfallsmengder kan samanliknast med tilsvarande data attende til 1992. Det bør tas nokre forbehald om samanliknbarheita mellom kommunane. Variasjonane kan skyldast feil i innrapporterte data, skilnader i innsamlingsordningar, ulik moglegheit til å skilje ut næringsavfall og grad av heimekompostering.

KOSTRA- publiseringa omfattar tal f.o.m. 1999, frå det tidspunkt kommunen kom med i KOSTRA. I KOSTRAs prosjektperiode har det vore ein god del endringar i statistikkopplegget, noko som har medført fleire brot i tidsseriar. For hushaldsavfall er 2001 første år med nøkkeltal for alle kommunar i KOSTRA.

Frå og med 2011 er ikkje tekstilar til ombruk lenger rekna som avfall. Tekstilar som samlast inn av UFF og Fretex er derfor ikkje lenger medrekna i avfallsmengdene. Mengda utgjorde i 2010 ca. 1 prosent av totale avfallsmengder.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Nokre få kommunar har store variasjonar i totale avfallsmengder frå år til år. Dette gjeld vanlegvis små kommunar, som ikkje påverkar landstala. Kommunar som viser store avvik blir kontakta. Feil blir retta, men i dei tilfella kor kommunane bekreftar tala, lar vi tala bli ståande. Ein mogleg årsak til variasjonane kan vere at nokre av dei minste kommunane har dårlegare ordning for veiing og registrering av avfallet, og at det delvis rapporterast etter skjønn.

Statistikken er i utgangspunktet ei fullteljing, men det er noko fråfall av einingar. Ved publisering av ureviderte tal 15. mars er fråfallet på om lag 5 prosent, medan det er på om lag 2 prosent ved publiseringa av reviderte tal 15. juni.

For avfallstypane EE-avfall og Farleg avfall er det berre tatt med det som samlast inn av kommunar og interkommunale avfallsselskap. Noko EE-avfall og Farleg avfall blir levert hos forhandlarar og blir dermed ikkje fanga opp av statistikken. Det er usikkert om alt avfall som blir levert i innleigde containerar er medrekna i hushaldsavfallet.

Det er og noko partielt fråfall, som særleg gjelder sjølvkost i avfallssektoren. Fråfallet kan sjåast i samanheng med at avfallssektoren i stor utstrekning består av ulike formar for interkommunale samarbeid. Når eit interkommunalt selskap har ansvaret for renovasjonen, er det ikkje pålagt for kommunen med eit eige sjølvkostrekneskap, så lenge det er eit rekneskap for selskapet, og mange selskap har problem med å dele opp rekneskapen slik at kommunane får tal dei kan rapportere. 

 

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB