Landbruksteljing

Oppdatert: 27. april 2021

Neste oppdatering: 8. september 2021

Mjølkekyr i løsdriftfjøs

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

Om statistikken

Føremålet med teljinga er å gi ein oversikt over ressurs- og produksjonsgrunnlag og driftsmessige, miljømessige og økonomiske forhold innan jordbruksnæringa. I tillegg skal teljinga gi ein historisk oversikt over utviklinga, og korleis landbruket i Norge vert drive.

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrensar.

Brukar(ane): Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Einings- og føretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.

Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal vert rekna fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Jordbruksareal i drift etter kommunen der arealet fysisk ligg. Ei jordbruksbedrift kan drive jordbruksareal i fleire kommunar. Jordbruksareal i drift har sidan 1984 i hovudsak blitt publisert etter den kommunen jordbruksbedrifta sitt driftssenter ligg. Jordeige og -leige på tvers av kommunegrenser gjer at ein då ikkje viser ein kommune sitt faktiske jordbruksareal i drift. Med omgrepet "Jordbruksareal i drift etter kommunen der arealet fysisk ligg" viser ein jordbruksarealet tilhøyrande kvar einskild kommune.

Leigejord. Jordbruksareal der eigar og brukar av arealet er forskjellige personar, inklusive ikkje-fysiske personar. Jordleige er uavhengig av om det vert ytt godtgjersle eller ikkje til eigaren, såleis inngår også jordbruksareal eigd av andre og som brukar disponerer gratis. Både forpakting av heile eigedomar og leige av tilleggsjord til eigen eigedom reknast som jordleige. Dersom ektefelle til brukar er eigar, reknast arealet som eigd. Dersom deltakar i samdrift eig areal som er i drift på samdrifta, reknast arealet som eigd. Eit leigeforhold refererar seg til ein landbrukseigedoms hovudnummer. Dersom ein brukar av ei jordbruksbedrift har inngått fleire leigeavtaler på same eigedom, reknast dette som eitt leigeforhold. På den andre sida kan eigar av ein eigedom leige ut areal til fleire jordbruksbedrifter, og dette blir rekna som eitt leigeforhold på kvar av bedriftene. Einingane rapporterar for det arealet dei søkjer om produksjonstilskot for.

Årsverk. I datafangsten vart arbeidsinnsatsen kartlagt som timeverk. Over tid er timar per årsverk endra. Ved omrekning til årsverk, er det nytta 1875 timar per årsverk for 1999 og 1845 timar for 2010 og 2020.

Andre landbruksbaserte næringar vart tidlegare kalla "Tilleggsnæring" og er aktivitetar som vert drive på jordbruksbedrifta. Aktiviteten skal vere basert på jordbruksbedrifta sine ressursar (areal, bygningar, maskinar og/eller produkt/råvarer), og kan vere av både stort og lite omfang.

Veksthus: Rom der ein kan gå inn utan å måtte fjerne glas- eller plastdekke. Rom med lågare takhøgde blir rekna som vekstbenkar og skal ikkje reknast med som veksthus.

Plasttunnellar og andre dekkesystem: Gjeld løysningar med plasttak og ståhøgde.

Familiemedlem: gjeld besteforeldre, foreldre, barn, barnebarn og sysken av brukar/ektefelle/sambuar.

Fast arbeidshjelp: Gjeld personar 16 år eller eldre, som har arbeidd kvar veke eller størstedelen av perioden.

Sesongarbeidarar: Personar som har utført arbeid av meir kortvarig art i jordbruksbedrifta, til dømes sesonghjelp i forbindelse med våronn, bærplukking o.l.

Nedmolding: Husdyrgjødsla blir pløyd eller harva ned for innblanding i jorda

Planteskule: Verksemd med oppal av prydplanter, frukttre eller bærbuskar. Skogplanteskuler er ikkje omfatta av teljinga.

I tabellane blir følgjande grupperingar nytta: Kommune, Fylke, driftsform og jordbruksareal i drift på jordbruksbedrifta.

Namn: Landbruksteljing

Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

8. september 2021

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Kommunenivå. Andre regionar på lågare nivå kan vere aktuelt dersom dette ikkje kjem i konflikt med konfidensialitetsomsyn.

Fullstendige teljingar har blitt gjennomført omlag kvart tiande år sidan byrjinga av 1900-talet. Alle landbrukseigedommar og jordbruksbedrifter over eit visst minimum i storleik er omfatta av teljinga i 2010 og 2020. Sjå avgrensing under "produksjon" lenger ned.

Informasjon vert sendt til EU sitt statistiske kontor (Eurostat) etter spesifikasjonar gitt i rådsforordninga. Resultater blir også inngå i dataleveranser til FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).

Avidentifisert fil med skjemadata og registerdata vil bli arkivert i SSB.

Føremålet med teljinga er å gi ein oversikt over ressurs- og produksjonsgrunnlag og driftsmessige, miljømessige og økonomiske forhold innan jordbruksnæringa. I tillegg skal teljinga gi ein historisk oversikt over utviklinga, og korleis landbruket i Norge vert drive.

Landbruksteljinga vert finansiert med eigne midlar i SSBs budsjett i tillegg til midlar frå Miljødirektoratet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Viktige brukarar av resultata er ulike forvaltningsorgan, landbruksstyresmaktene og landbruksorganisasjonane. Data vert nytta i planleggjing, utgreiingar, støtte for å fatte vedtak, forsking med meir. Datagrunnlaget er eit særdeles viktig bidrag i jordbruksforhandlingane mellom Staten og næringsorganisasjonane i landbruket.

Ei fullteljing gir høve til å formidle tal på mindre geografiske område enn det som er tilfelle med utvalsundersøkingar. Dette gjev eit betre datagrunnlag for kommunal forvaltning og for å vurdere utviklinga på mindre regionar enn fylke.

Ikkje relevant

Landbruksteljinga er nært knytta til fleire av statistikkane som vert publisert årleg. I arbeidet med landbruksteljinga vil ein legge til rette for å sjå fleire av statistikkane i samanheng.

Statistikkloven § 10-1.

Rådsforordning nr 2018/1091 ݒ Strukturundersøkingar i jordbruket.

Landbruksteljinga omfattar alle landbrukseigedommar og jordbruksbedrifter over eit visst minimum i storleik.

Ein landbrukseigedom er eigedom med minst 25 dekar produktiv skogareal og/eller minst 5 dekar jordbruksareal. Ei jordbruksbedrift vert definert som ei bedrift med minst 5 dekar jordbruksareal i drift og/eller eit visst minimum av husdyrhald.

Hagebrukseiningar omfattar einingar med minst 2,0 dekar grønsaker på friland, minst 1,0 dekar frukttre (50 frukttre i 1979 og 1989), minst 1,0 dekar bær på friland, minst 300 m 2 veksthusareal eller minst 1,0 planteskule.

Datatilfanget er todelt.

Alle jordbruksbedrifter skal fylle ut eit skjema med spørsmål om arbeidsinnsats, andre næringar basert på jordbruksbedrifta sine ressursar, drenering, vatning og bruk av husdyrgjødsel.

I tillegg vert ei rekkje register nytta, som til dømes:

  • Landbruksregisteret
  • Søknadar om produksjonstilskott i jordbruket
  • Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar
  • Leveransar av slakt
  • Virksomhets- og føretaksregisteret
  • Matrikkelen
  • Utdanningsregisteret
  • Likningsdata
  • A-ordninga

Landbruksteljinga er ei fullteljing, men for å kunne frigi førebels tal på eit tidleg tidspunkt, er det trekt eit utval av alle innsende skjema. Utvalet er på 7 850 jordbruksbedrifter. Utvalet blir stratifisert utifrå storleiken på jordbruksareal og driftsform innan kvart fylke.

Skjema vart sendt ut til dei jordbruksbedriftene som er med i populasjonen. Opplysningar vart samla inn via Altinn. Telledato for teljinga var 1. oktober 2020. Opplysningar om arbeidsinnsats vart samla inn for perioden 1. oktober 2019 til 30. september 2020.

Opplysningar som vert henta frå register, vert samla inn av fleire ulike seksjonar i SSB.

Det blir gjort ei rekkje kontrollar og rettingar for å sikre konsistensen både innan eit enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar. Det vart og nytta eit automatisk editeringssystem for å kontrollere, rette og imputere manglande verdiar. Systemet imputerte etter logiske kontrollar, gjennomsnittsverdiar, proporsjonal frekvensfordeling og etter "næraste nabo"-prinsippet (imputering av verdiar frå ei bedrift som er svært lik bedrifta som vert editert).

I ei fullteljing er utrekningane relativt enkle med oppteljing, gruppering av variablar og krysstabulering av variablar.

I utvalet (nytta ved førebels tal) vert populasjonen gruppert etter fylke, arealstorleik og driftsform. Kvar bedrift får berekna ei vekt ved estimeringa av totalar. Sjå elles 3.3. Utvalg

Omrekningar av energiinnhald til kWh i 2010 er basert på faktorar som er omtalt i Om statistikken til Energibalanse og energirekneskap, sjå https://www.ssb.no/emner/01/03/10/energiregn

Ikkje relevant

Resultat frå undersøkinga vert undertrykt ved publisering dersom det er for få observasjonar bak resultata, eller at resultat kan sporast tilbake til enkeltbedrifter.

Det har blitt gjennomført fullstendige teljingar innan jord- og skogbruk sidan 1907.

Tidsseriane kan ikkje utan vidare trekkast så langt tilbake, men statistikken er stort sett samanliknbar tilbake til slutten av 1940-åra. For nokre variablar vil det vere eit brot i tidsserien. Frå 1999 blei alt som blir drive som ei eining uavhengig av kommunegrenser rekna som ei jordbruksbedrift. Før 1999 var den statistiske eininga for jordbruksbedrift avgrensa til å vere alt i ein kommune. For nokre tabellar med tal frå 2020, vil det væra mogleg å sammenlikne tal frå andre tellingar, sjølv om fylkesstruktur vart endra i januar 2020. Blant anna tal for arbeidsinnsats frå 1999 og 2010 er lagt om til ny fylkesstruktur.



Publikasjonane frå teljingane gir meir informasjon om brot i tidsseriar mv. Ei lenke til alle publikasjonar frå tidlegare teljingar er tilgjengeleg her: https://www.ssb.no/lt2010/

Spørsmål om utanlandsk arbeidskraft i 2010 omfattar fleire typar av arbeidskraft enn i 1999. Då vart utanlandsk arbeidskraft avgrensa til "gjestearbeidarar som er i landet i kortare tidsperiodar og som deltok i t.d. innhaustingsarbeid." Spørsmålet i 1999 vart elles berre stilt til dei med hagebruksproduksjon. Omfanget av utanlandsk arbeidskraft har auka kraftig sidan 1999, og det er grunn til å tru at utanlandsk arbeidskraft i 1999 stort sett omfatta berre personar som var i landet i kortare periodar. Ein bør likevel vere litt varsam ved samanstilling av tala for 1999 og 2010.

Spørsmål om andre næringar vart stilt første gong i 1999. På desse elleve åra har merksemda kring andre næringar auka, samstundes som at utforming av spørsmåla har blitt justerte. Dette kan ha hatt innverknad på nokre av resultata, slik at auken som går fram av tala for t.d. "utleige av jakt- og fiskerettar" ikkje er reell. Tala for 1999 er truleg for lave.

Primærdata er henta frå skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Skjema kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer i utfyllinga. Mange av feila vert oppdaga og retta i gjennomgangen i SSB.

Alle undersøkingar vil vere hefta med målefeil, dvs. at den som rapporterer ikkje kjenner den eksakte verdien som det vert stilt spørsmål om, eller at spørsmålet blir misforstått.

Eit automatisk imputeringsprogram har blitt nytta i editeringa, og her kan det oppstå feil. Imputeringa er likevel gjort slik at systematiske feil skal unngåast, og datamaterialet er kontrollert etter den automatiske editeringa.

I registerdataene vil det og kunne vere måle- og handsamingsfeil. Ikkje alle dataene i registra går inn i saksførebuinga hos registereigar, og vert difor ikkje kontrollert inngåande. Så langt det er råd, rettar SSB også i registeropplysningar. SSB har og oversikt over korleis registerdata vert kontrollert hos registereigar.

I 2010 vart det stilt spørsmål om bruk av utanlandsk arbeidskraft, men omgrepet "utanlandsk" var ikkje definert. Det vil seie at oppgåvegivarane kan ha forstått spørsmålet på litt ulike måtar. I tillegg til utanlandske statsborgarer som er i Noreg for ein tidsavgrensa periode på grunn av eit arbeidsforhold, kan og utanlandske statsborgarar som er meir permanent busett i Noreg og innvandrarar med norsk statsborgarskap ha blitt tekne med. For 2020 vil ein nytte opplysninger i a-ordninga som kan gi statistikk om dette temaet.

Då siste svarfrist gjekk ut i 2020, hadde 98 prosent svara på skjema. Verdiar for dei som ikkje har svara, vert imputert ut frå andre kjende opplysningar (register, andre undersøkingar) og ut frå andre statistiske imputeringsmåtar.

Partielt fråfall vert retta opp anten manuelt eller maskinelt. Ei rekkje automatiske kontrollar vert gjennomført saman med ulike imputeringsmåtar (jf. 3.5.)

Utvalsfeil er i utgangspunktet ikkje relevant ved ei fullteljing. Ved publisering av førebels tal, kan det oppstå utvalsfeil.

Utvalsusikkerheit er eit uttrykk for den usikkerheita ein får i dei førebelse resultata fordi desse bygjer på opplysningar frå eit representativt utval av jordbruksbedrifter. Ved å berekne ein størrelse som kallas standardfeil (s), får ein eit mål for kor stor utvalsusikkerheita er. Dersom standardfeilen er kjent, kan ein finne eit intervall som med ei bestemt sannsynlege innehelder den sanne verdien av ein estimert storleik (den verdien ein ville ha fått om ein hadde føretatt ei totalteljing i staden for ei utvalsundersøking). Dette intervallet kallas konfidensintervallet. Kallar ein den estimerte verdien M, vil til dømes intervallet med yttergrensene M ± 2s med 95 prosent sannsynlege innehalde den sanne verdien av estimatet. For å få eit inntrykk av kor stort eit slikt 95-prosents konfidensintervall er, kan ein sjå på intervallet M ± 2s.

Standardfeilen for arbeidstimar utført i jord- og hagebruk er 630 930 timer publisert i førebelse tal frå Landbruksteljing 2020. Det svarar til ein variasjonskoeffisient på 0,76 prosent.

Tabell 1. Variasjonskoeffisient, standardfeil og feilmargin i eit 95 prosent konfidensintervall for estimerte verdiar av utvalde variablar publisert i samband med førebelse tal om arbeidsinnsats frå Landbruksteljing 2020

Variabel

Estimert verdi

Variasjonskoeffisient

Standardfeil

Feilmargin

Timar utført i jord- og hagebruk i alt

82 982 800

0,76

630 930

±1 261 860

Timar i jord- og hagebruk utført av brukar og ektefelle/sambuar

50 779 600

0,82

417 500

±834 990

Timar i jord- og hagebruk utført av familiemedlem

7 839 900

2,47

193 870

±387 740

Timar i jord- og hagebruk utført av anna fast og tilfeldig hjelp

24 363 200

1,97

480 030

±960 050

Timar utført i skogbruk i alt

1 711 500

4,13

70 680

±141 370

Timar utført i tilleggsnæringar i alt

7 220 600

3,13

225 820

±451 650

Registerfeil: Kvaliteten på registergrunnlaget for etablering av populasjon kan ha noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet. Kvaliteten på registergrunnlaget er rekna som særs god, og det vart arbeidd mykje med å etablere ein fulldekkande populasjon.

Alle data om sivil status er henta frå register. Registra fangar ikkje opp alle sambuarformer, slik at det kan vere avvik mellom skjemaopplysningar og register. T.d. kan det vere ført arbeidsinnsats for både brukar og ev. ektefelle, sambuar eller partnar utan at dette er registrert i registra. Ved formidling har vi valt å halde oss strengt til registra som gjer det mogleg å kople andre opplysningar til personane.

Ikkje relevant

Kontakt