I alt blei det fiska og avliva 75 900 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i 2023. I tillegg blei 31 100 sleppt levande ut i elva igjen. Det er førebels tal for statistikken elvefiske 2023 som viser dette.

Størst nedgang i Trøndelag

I Trøndelag blei det landa 15 800 atlantisk laks i 2023. Det er 10 800 færre enn året før. 41 prosent av laksen blei sett ut igjen i 2023. I  Møre og Romsdal blei laksefangsten nær halvert. Der blei det landa 5 700 laks, ein nedgang på 5 100 laks frå 2022. 16 prosent av laksen blei sett ut igjen. Laksefiskarane i Troms og Finnmark tok opp 17 500 laks i 2023, noko som er 4 600 færre laks enn i 2022. Her blei 31 prosent av laksen sett ut i elvane igjen i 2023.

Mest laks i Gaulavassdraget

Det blei landa totalt 3 800 atlantisk laks i Gaulavassdraget i Trøndelag i 2023. Det er ein nedgang på 40 prosent frå året før, men likevel er Gaula det vassdraget med flest landa laks i 2023. 61 prosent av laksen blei sett ut i elva igjen. Etter Gaula var det i Orkla og Numedalslågen det blei fiska mest laks. Fangsten i Orkla var 3 600 laks, noko som er 44 prosent færre enn i 2022. 68 prosent av laksen blei gjenutsett. Orkla og Gaula er med dette også dei største vassdraga når det gjeld fang og slepp. Numedalslågen, som strekker seg gjennom Viken og Vestfold og Telemark, hadde ein fangst på 3 500 laks i 2023. Det er ein auke på 6 prosent frå året før. Nesten all laksen blei avliva, og Numedalslågen var vassdraget med flest avliva laks dette året.

Figur 1. Elver med størst fangst av atlantisk laks i 2023. Førebelse tal

Variasjonar i fangstane frå år til år heng i hovudsak saman med kor mykje laks som går opp i elvane og fiskeforholda i elvane. I tillegg blei det med omsyn på sårbare laksebestandar innført sterke reguleringar i laksefiske frå 2021. Elvar blei stengde eller fekk redusert fisketid. Det blei gjort endringar i  kvoteordningar og midtsesongevalueringar med forvaltningstiltak. Tanavassdraget i Finnmark har til dømes vore eit av dei viktigaste laksevassdraga i Noreg, men det har ikkje vore opna for laksefiske i dette vassdraget dei siste tre åra.

Uttaket av pukkellaks meir enn fordobla

Pukkellaksen er ein framand art som ikkje er ønska, og det er sett i gang tiltak for  å hindre at den går opp i norske lakseelvar. Det er hovudsakleg nytta fiskefeller ved elvemunningane, men det er også nytta andre reiskap. Pukkellaksen som blir fanga blir avliva, mens fangst av atlantisk laks, sjøaure og sjørøye blir sett ut igjen. Fangsten frå dette tiltaksfisket har tidlegare blitt rapportert til den offisielle statistikken, men frå 2023 skal fangsten  rapporterast til Miljødirektoratet, og fangsten inngår ikkje i offisiell statistikk.

I 2023 var det forventa mykje pukkellaks. I det ordinære fisket etter laks og sjøaure i elvane blei det rapportert ein fangst på 16 100 pukkellaks. Legg ein til dei 245 500 pukkellaks som vart tatt ut under tiltaksfisket (miljodirektoratet.no), er det meir enn dobling av talet på pukkellaks frå 2021, da det blei landa 111 800 pukkellaks.

Pukkellaks er ein stillehavslaks som blei sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998. Den spreidde seg først til dei nordlege elvane i Noreg, der det no er påvist sjølvreproduserande bestandar. Laksen har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år. Denne framande arten er uønska i Noreg. Den vert forvalta med mål om å ha minst mogleg av den, og den skal ikkje settast levande ut i elva igjen.