Statistikken over sjøfiske etter laks og sjøaure syner ein samla fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks på 171 tonn i den ordinære sesongen i 2021. Fangsten fordelte seg på 98 tonn laks, 72 tonn pukkellaks og 2 tonn andre arter.

Rekordår for pukkellaks

Pukkellaks er ein framand art som ikkje er ønskeleg i Noreg, og den vert forvalta med mål om å ha minst mogleg av den. Den har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år.

I 2021 blei det rapportert ein fangst på 72 tonn pukkellaks. Det utgjorde 42 prosent av den totale fangsten av . Nesten all pukkellaks blei fiska i Troms og Finnmark, men det blei rapportert fangst av pukkellaks så langt sør som til Rogaland.

Laksefangsten halvert

Det blei fiska 98 tonn laks i den ordinære sesongen i 2021. Det er 117 tonn mindre enn i 2020, og meir enn ei halvering av fangsten. Laks utgjorde 57 prosent av den totale fangsten dette året. Mest laks blei fiska i Troms og Finnmark, men det har vore nedgang i alle fylka.

Nedgang i samla fangst, auke i Troms og Finnmark

Den samla fangsten av laksefisk i ordinær sesong i 2021 var 171 tonn. Det er ein nedgang på 22 prosent frå året før. Det var nedgang i alle fylka bortsett frå Troms og Finnmark. Sjølv om fangsten av laks hadde ein nedgang på 38 prosent frå 2020 i dette fylket, førte den store fangsten av pukkellaks til at den samla fangsten auka med 37 prosent frå året før.

Nedgangen i fangsten heng saman med dei sterke reguleringane i fisket i 2021. Laksefiske i sjø er inndelt i ti kystregionar og 37 fjordregionar. Det blei ikkje opna for laksefiske med fastståande reiskap i dei ni kystregionane sør for Finnmark, og nokre av fjordregionane vart opna for eit avgrensa fiske. Deler av Finnmark blei heller ikkje opna for sjølaksefiske med fastståande reiskap i 2021.

Figur 1. Sjøfiske etter laks og sjøaure. Fylke. 2021


¹ Ikkje opna for fiske.

Fangst i utvida fiskesesong avviklast

Langs kysten frå Rogaland til Troms har det vore høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong, med fisketid frå 5. august til 28. februar. I innstrammingane i sjølaksefiske for 2021 er det bestemt at dette fisket skal avviklast.

I sesongen 2020/2021 blei det rapportert fangst på 2,1 tonn laks og sjøaure frå dette fisket.