Indeksnivået for industriproduksjonen i 1.kvartal 2021 var på 120,7 (2005=100) mot 117,3 i førre kvartal. Etter det bråe fallet frå mars til mai 2020 har industriproduksjonen henta seg kraftig inn i dei tre siste kvartala. Indeksnivået for mars 2021 ligg nå på eit høgre nivå enn før koronaepidemiens inntog, og er òg det høgaste nivået som er registrert sidan april 2015.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Tremånadsendring: svært høg aktivitet innan slakting og foredling av fisk

For å lette tolkingen av den kortsiktige utviklingen publiserer produksjonsindeksen tremåneders glidende gjennomsnitt av sesongjusterte tall. Vanligvis sammenlignes de siste ikke-overlappende tremånedersperiodene. Sesongjusterte endringer fra måned til måned må tolkes med varsomhet. viser at industriproduksjonen hadde ein kraftig auke på 2,9 prosent i 1.kvartal 2021 samanlikna med kvartalet før. Dette er det tredje kvartalet på rad med klår vekst industriproduksjonen. Sjølv om det var vekst i både Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. og annan industri var det særleg sistnemnde som bidrog til den samla auken i industriproduksjonen i dette kvartalet ( sjå figur 2).

Næringsmiddelindustrien var næringa som bidrog mest til den samla oppgangen med ein sterk vekst på over 5 prosent. Veksten heng i sær saman med ein tydeleg auke innan foredling og konservering av fisk grunna høge slaktevolum og foredling av laks og pelagisk fisk. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hadde også ein tydeleg auke i dette kvartalet. Veksten i næringsgruppa kan mellom anna knytast til høg produksjon av farmasøytiske produkt.

Månadsendring: auke frå februar til mars

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,7 prosent frå februar til mars 2021. Det var næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri som bidrog mest til den samla auka med ein klår vekst på 8 prosent. I tillegg bidrog òg næringsmiddelindustrien saman med oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri positivt i denne perioden.

På den motsette sida, ble den samla oppgangen i industrien dempa av lågare aktivitet innanfor bygging av skip og oljeplattformer. Nedgangen i næringa må delvis sjåast i samanheng med karantene på utanlandske arbeidarar i mars.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: fall i Eurosona i februar 2021

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. fall med 1 prosent frå januar til februar 2021.

I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg ein liten nedgang på 0,4 prosent. Sverige hadde ein liten auke på 0,9 prosent, medan Danmark på si side hadde eit fall på 1 prosent.

For meir informasjon om utviklinga i europeisk industriproduksjon, sjå denne artikkelen frå Eurostat.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadersendring: klår auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein klår auke på 3,1 prosent i 1. kvartal 2021 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 3 prosent, medan utvinning av naturgass voks med 0,9 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester opplevde ein vekst på 2,6 prosent i 1.kvartal 2021 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift på si side hadde ein kraftig nedgang på heile 28,5 prosent i same periode, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 2,6 prosent. Det tydelege fallet i bergverksdrift kan knytast til en relativt kald vinder i år med mykje frost og låge temperaturar.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.