Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden november 2025 -januar 2026 var på 106,5 (2021=100) mot 105,9 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien har auka sidan starten av 2024, men flata ut i midten av 2025, samstundes som det framleis er ein del variasjon frå månad til månad. (sjå figur 1).

Månadsendring: bransjevise skilnader

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein liten nedgang på 0,3 prosent frå desember til januar 2026. Samstundes var det store skilnader for dei ulike næringane. Det var maskinindustri  som bidrog mest til den samla nedgangen i industriproduksjonen med eit fall  på 3,8 prosent. Også dataindustri og elektrisk utstyrsindustri såg eit fall i denne perioden på 1,9 prosent. På den motsette sida hadde næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri ein auke på 4,3 prosent og bidrog såleis til å dempe nedgangen i industriproduksjonen. 

Tremånadarsendring: auke i industriproduksjonen

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,6 prosent i perioden november 2025- januar 2026 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Det var dataindustri og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest til den samla oppgangen med ein auke på 2,7 prosent. Det var òg vekst i bygging av skip og oljeplattformer på 2,8 prosent i denne perioden. Auken i industrien blei dempa av lågare aktivitet innanfor trelast- og trevareindustri som hadde eit fall på 4,9 prosent. 

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 0,8 prosent i perioden november 2025- januar 2026 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein vekst på 0,5 prosent.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal og trend¹. 2021=100
¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100
¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i desember

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 1,3 prosent frå november til desember 2025. I same periode var industriproduksjonen i Noreg nesten uendra, med ein nedgang på 0,2 prosent  (sjå figur 3). Sverige hadde ein auke på heile 4,7 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein nedgang på 1,0 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: nedgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 1,7 prosent i perioden november 2025- januar 2026 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 2,9 prosent, og utvinning av naturgass fall med 2,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde også ein nedgang på 1,1 prosent i perioden november 2025- januar 2026 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på heile 7,1 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 3,6 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100
¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Vekter i produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) er oppdaterte no ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2024. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2025 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Sokkeldirektoratet.

For industrinæringane var det vekta til dataindustri og elektrisk utstyrsindustri som gjekk mest opp medan oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri gjekk mest ned frå 2025 til 2026. Samla sett for totalaggregatet (PII) auka vekta til industrien, medan vekta for utvinning og utvinningstenester gjekk ned.