Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden desember 2025 – februar 2026 var på 106,0 (2021=100) mot 105,7 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden viser no at aktivitetsnivået i industrien har ein utflating sidan midten på 2025. Samtidig har dei månadlege tala hatt store svingingar gjennom året (sjå figur 1).
Månadsendring: bransjevise skilnader i februar
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,4 prosent frå januar til februar 2026. Det var kjemiske råvarer som bidrog mest til den samla nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på heile 7,9 prosent. Nedgangen kan sjåast i samanheng med at fleire sentrale aktørar melda om driftsstans og dårlegare marknadsforhold i februar. Det var òg eit fall i bygging av skip og oljeplattformer og gummi, plast og mineralsk industri på høvesvis 2,1 og 2,4 prosent i denne perioden.
På den motsette sida gjekk produksjon av ikkje-jernhaldige metall opp med 5,9 prosent og bidrog såleis til å dempa fallet i industriproduksjonen i februar.
Tremånadarsendring: auke i industriproduksjonen
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,3 prosent i perioden desember 2025 – februar 2026 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Det var kjemiske råvarer som bidrog mest til den samla oppgangen med ein auke på heile 10,1 prosent. Det var òg vekst i næringa bygging av skip og oljeplattformer på 2,9 prosent i denne perioden.
Auken i industrien blei dempa av lågare aktivitet innanfor maskinindustri som hadde eit fall på 2,2 prosent.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein liten produksjonsauke på 0,2 prosent i perioden desember 2025 – februar 2026 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein auke på 0,5 prosent.
Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i januar
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 21 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 2,3 prosent frå desember 2025 til januar 2026. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 0,2 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein nedgang på heile 9,5 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på 3,4 prosent.
Tremånadarsendring: fall i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 1,0 prosent i perioden desember 2025 – februar 2026 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein auke på 0,7 prosent, og utvinning av naturgass fall med 2,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding Sokkeldirektoratet (sodir.no)
Utvinningstenester på si side hadde eit fall på 0,8 prosent i perioden desember – februar 2026 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 2,2 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned med 0,2 prosent (sjå figur 4).




