Det var 95 100 Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 1. kvartal. Det er ein auke på 12 prosent sidan førre kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.
– Talet på ledige stillingar har følgt ein nedgåande trend sidan toppunktet i 2022, men i 1. kvartal i år ser vi at talet aukar igjen. Det var omtrent på same nivå som 1. kvartal i fjor, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.
Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.
Auke i prosentdelen ledige stillingar
Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortel kor mange ledige stillingar det er i prosent av det totale nivået av stillingar, både ledige stillingar og eksisterande jobbar.
Prosentdelen ledige stillingar har sidan 2021 vore på eit høgt nivå, med eit toppunkt i årsskiftet mellom 2022 og 2023. Sidan toppunktet har nivået vore avtakande heilt fram til førre kvartal. Dette kvartalet har prosentdelen auka frå 2,6 til 3,0.
Statistikken Antall arbeidsforhold og lønn viser at talet på jobbar auka med 0,12 prosent frå førre kvartal. Samstundes har ledige stillingar auka med 12 prosent i same periode. Auken i ledige stillingar har vore større enn auken i jobbane, som fører til at prosentdelen ledige stillingar stig. Ein aukande prosentdel kan vere eit tidleg teikn på økonomisk oppgang, motsatt kan ein fallande prosentdel indikere ei nedkjøling i økonomien.
Mindre etterspørsel etter arbeidskraft innan byggje- og anleggsverksemd
Byggje- og anleggsverksemder hadde samla 5 700 ledige stillingar dette kvartalet. Det en ein nedgang på 13,6 prosent sidan førre kvartal. Innan næringa har det vore ein nedgang i etterspørselen etter arbeidskraft sidan toppunktet i 2. kvartal 2023, då det var 10 800 ledige stillingar. Sidan dette har nivået nesten halvert seg.
Flest ledige stillingar i varehandel
Næringane med flest ledige stillingar i 1. kvartal 2026 er:
- Varehandel: 12 100
- Pleie- og omsorgstenester i institusjon: 11 900
- Helsetenester: 9 000
- Sosiale omsorgstenester utan butilbod: 8 300
- Forretningsmessig tenesteyting: 7 200
Ny standard for næringsgruppering vart innført 1. september 2025. Standarden for næringsgruppering er revidert og alle verksemder blir påverka i varierande grad. SSB sine statistikkar skal innføre den nye næringsstandarden gradvis, og dermed på forskjellige tidspunkt. Les meir om endringa i næringsgrupperinga her: Ny standard for næringsgruppering innføres 1. september 2025 – SSB Når treffer dette statistikken Ledige stillinger? I statistikken om Ledige stillingar innførast den nye næringsstandarden frå og med publiseringa av 1. kvartal 2027. Alle tabellar med næringsfordelte tal etter gammal næringsstandard (SN2007) vil setjast til avslutta etter publisering av 4. kvartal 2026. Dei same tabellane vil opprettast med ny næringsstandard (SN2025) ved publisering av 1. kvartal 2027, og vil då ha tilbakerekna tall for nokre år tilbake i tid.



