Etter at talet på Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. gjekk ned med 8 500 i førre kvartal, auka talet med 2 700 i 3. kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Etter 2. kvartal 2024 har talet på ledige stillingar svinga frå kvartal til kvartal, men nedgangen har vore sterkare enn aukinga. Nivået er framleis høgt i eit historisk perspektiv, men trenden peikar nedover, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Ledige stillingar, sesongjustert, 1.kvartal 2010–3. kvartal 2025. Tal

Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.

Mogleg mismatch på arbeidsmarknaden 

I 3. kvartal 2025 var både I AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. Arbeidsløysa regnes i prosent av arbeidsstyrken.og talet på ledige stillingar på eit historisk sett høgt nivå. Ei vanleg forklaring på at begge delar er relativt høge samstundes, er at kompetansen til dei ledige arbeidstakarane ikkje samsvarar med den kompetansen verksemdene etterspør – ein såkalla «kompetanse mismatch». Mange arbeidstakarar har til dømes utdanning eller erfaring frå andre næringar enn dei der behovet for arbeidskraft er størst.

Nylege tal frå arbeidskraftsundersøkinga (AKU) viste at arbeidsløysa har auka mest blant unge i alderen 15–24 år. Dette kan tyde på at kompetansen verksemdene etterspør ikkje stemmer overeins med den kompetansen mange unge arbeidssøkjarar har.

Flest ledige stillingar i varehandel og motorvognreparasjonar

Næringane med flest ledige stillingar i 3. kvartal 2025 er:

  • Varehandel, motorvognreparasjonar: 11 800
  • Helsetenester: 9 500
  • Pleie- og omsorgstenester i institusjon: 9 300
  • Forretningsmessig tenesteyting: 7 700
  • Byggje- og anleggsverksemd: 6 500

Det har vore dei sama næringane på topp dei siste fire kvartalane.