Det var 85 000 Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 4. kvartal 2025. Det var ein nedgang på 5,1 prosent sidan førre kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.
– Talet på ledige stillingar var høgt i perioden 2022–2024, med over 100 000 ledige stillingar i nær alle kvartal. Først i fjerde kvartal 2024 kom talet igjen under 100 000, og trenden har fortsett nedover gjennom 2025, seier Stine Bakke, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.
Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.
Nedgang etter ein lengre periode med høge nivå
I 2025 var gjennomsnittleg tal på ledige stillingar per kvartal 89 700. Det er ein markant nedgang frå 2024 då gjennomsnittet var 101 300. Tala viser eit stabilt nivå fram til 2021, før talet på ledige stillingar steig i 2022 og vidare fram til og med 2024. No peikar utviklinga igjen nedover.
– Vi må tilbake til 2021 for å finne eit tilsvarande nivå som i 2025, då talet var 88 800, men nivået i 2025 var likevel eit stykke over det vi såg frå 2010 til 2020, seier Stine Bakke.
Nedgang i prosentdelen ledige stillingar
Talet på Jobbar og arbeidsforhold brukast her synonymt og er definert som jobb som kompenserast i form av løn e.l. Nemninga omfattar både hovudjobbar og bijobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb.auka med 0,18 prosent frå 3. til 4. kvartal 2025, det viser sesongjusterte tal frå statistikken Antall arbeidsforhold og lønn. Samstundes har nivået på ledige stillingar gått ned med 5,1 prosent. Kvar av desse endringane bidrog til at Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. gjekk ned.
I 4. kvartal 2025 var prosentdelen ledige stillingar 2,7, ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå førre kvartal. Ein aukande prosentdel kan vere eit tidleg teikn på økonomisk oppgang, medan ein fallande prosentdel kan indikere ei nedkjøling i økonomien.
Flest ledige stillingar i helsetenester
Det var stort sett dei same næringane med høgast tal ledige stillingar gjennom det siste året, som i 4. kvartal 2025:
- Helsetenester: 10 100
- Varehandel, motorvognreparasjonar: 9 800
- Pleie- og omsorgstenester i institusjon: 8 100
- Byggje- og anleggsverksemd: 6 800
- Forretningsmessig tenesteyting: 6 400



