Handelen med motorvogner, unntatt motorsyklar, omsette for 69 milliardar kroner i november og desember 2022. Det utgjorde 24,5 prosent av omsetjinga for heile året, og svarar til ein auke på 53 prosent frå same periode året før, viser nye tal frå statistikken omsetjing i varehandel. 

Figur 1. Terminvis omsetjing i handelen med motorvogner, unntatt motorsyklar

Det blei registrert 19 500 personbilar i november og 39 500 personbilar i desember ifølgje registreringsstatistikken frå Opplysningsrådet for veitrafikken.

– Desember-talet for nye registrerte bilar er det høgaste målt for ein enkelt månad. 82,8 prosent av bilane var nullutsleppsbilar, seier førstekonsulent Selma Grønningsæter.

– Desember 2022 vart siste månad for å registrera nye bilar i Noreg før avgiftene på elbilar auka ved årsskiftet. Det bidreg til å forklare den høge omsetjinga, legg ho til. 

Salet av elbilar har auka mykje dei siste åra. Sidan 2017 har auken i registrerte elbilar vore på 331 prosent. Til samanlikning har det vore ein nedgang på høvesvis 29 prosent for bensinbilar og 12 prosent for dieselbilar, ifølgje tal frå statistikken Bilparken. Delen elbilar har auka frå å utgjere 5,4 prosent av bilparken, til å no utgjere 23,4 prosent av den totale bilparken i Noreg.

Figur 2. Tal registrerte bilar

Detaljhandelen totalt auka, men daglegvarehandelen opplevde nedgang i 2022

Detaljhandelen totalt sett, som også inkluderer omsetjing av drivstoff, hadde ein oppgang på 3,8 prosent i 2022 samanlikna med 2021.

For daglegvarehandelen var det derimot ein nedgang på 2,1 prosent frå 2021, etter dryge to år med koronarestriksjonar og mangel på grensehandel som bidrog til auke i omsetjinga.

I 2022 auka grensehandelen mykje, som kan forklare noko av nedgangen i daglegvarehandelen.

– Det som bidreg til å trekkje opp detaljhandelen totalt i 2022, er mellom anna auken i salet av drivstoff, som hadde ein oppgang i omsetjing på 31 prosent samanlikna med 2021, seier Selma Grønningsæter.

Figur 3. Omsetjinga for detaljhandelen 2012-2022