Eksporten av tenester auka med 8,6 prosent frå 1. kvartal 2021, og 5,2 prosent fra 2. kvartal 2020, syner statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Importen auka samtidig med 7 prosent frå føregåande kvartal, men var 5,7 prosent lågare enn i 2. kvartal i fjor. Dette førte til at underskotet på tenestebalansen enda på berre 400 millionar.

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak.

Auka eksport av tenester

Eksporten av tenester dominerast, som vanleg, av sjøtransporttenester, som auka med 16,2 prosent frå 1. kvartal 2021, og 14,9 prosent mot same periode i fjor. Eksporten av disse tenestene enda på 24,5 milliardar. Denne auka kan delvis forklarast med betydeleg høgare fraktratar innan enkelte segmenter i bransjen.

Eksport av petroleumstenester auka også samanlikna med 1. kvartal 2021, men enda noko lågare enn i 2. kvartal 2020. Svingingar innan desse tenestene kjem ofte noko etter marknadsmessige faktorar som til dømes at oljeprisen endrar seg.

Lågare tenesteimport enn 2. kvartal i fjor

Samanlikna mot 2. kvartal 2020, var det størst nedgang i tenesteimporten innan bergverksdrift og utvinning samt informasjon og kommunikasjon. Den største importnæringa, transport og lagring, auka berre med 3,8 prosent i same periode, tilsvarande 650 millionar.

Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 2. kvartal 2021. Denne tenestegruppa stod for 21,5 prosent av total tenesteimport.

Størst eksport til EU

Det ble eksportert tenester for 15,1 milliardar kroner til EU utanom Norden i 2. kvartal 2021. Dersom man inkluderer Norden så sto disse områdene for 41 prosent av all tenesteeksporten.

Over 50 prosent av norske tenestekjøp kommer frå Norden og EU for øvrig. Dette tilsvara om lag 35 milliardar kroner.

Figur 2. Landfordelt tjenestehandel 2. kv. 2021

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken over utanrikshandel med tenester. Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa elles» frå og med 1. kvartal 2020.