Valgurne med stemmeseddel, illustrasjon

Slik har valdeltakinga vore i dei siste vala:

  • Ved kommunestyrevalet i 2023 var valdeltakinga på 62,4 prosent.
  • Den tilsvarande andelen for fylkestingsvalet var 57,5 prosent.
  • I stortingsvalet i 2021 røysta 77,2 prosent av dei med røysterett

Ved kommunestyrevalet i 2023 var Høgre det største partiet, etterfølgt av Arbeiderpartiet. I vala i 2015 og 2019 var dette omvendt – då var Arbeiderpartiet det største partiet ved kommunestyrevala, og Høgre nest størst. Senterpartiet gjekk sterkt fram i valet i 2019 og Framstegspartiet i valet i 2023.  Sosialistisk venstreparti (SV) og partia i kategorien «Andre» har hatt oppgang i talet på røyster gjennom dei tre kommunestyrevala frå 2015 til 2023 (Statistisk sentralbyrå, 2024).

Figur 1. Valgresultat tre siste kommunevalg
Søylediagram med 3 serier.
Figuren har 1 X akse som viser categories.
Figuren har 1 Y akse som viser Stemmer. Dataene varierer fra 47102 til 789170.
Highcharts.com
Figur 1. Valgresultat tre siste kommunevalg
Category201520192023
Arbeiderpartiet789 170664 695576 082
Høyre554 399538 765689 952
Senterpartiet203 188386 349217 608
Fremskrittspartiet226 640220 713302 722
Miljøpartiet de Grønne101 612182 548112 131
Sosialistisk Venstreparti98 625163 653183 573
Kristelig Folkeparti130 268107 185106 266
Venstre131 836104 316134 074
Rødt47 102101 31692 900
Andre109 181213 065253 009

Etter valet i 2023 var 40,7 prosent av representantane i kommunestyra kvinner. Til samanlikning så var 45 prosent av stortingsrepresentantane kvinner etter stortingsvalet i 2021. Etter kommunevalet i 2023 blei det sett ny rekord i talet på kvinnelege ordførarar i norske kommunar. Då var 37 prosent av ordførarane i landet kvinner, og andelen kvinnelege ordførarar har meir enn fordobla seg dei siste 20 åra (Bergseteren & Kleven, 2024).

Figur 2. Kommunestyrerepresentanter etter kjønn
Liggende søylediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Personer. Dataene varierer fra 5410 til 13806.
Highcharts.com
Figur 2. Kommunestyrerepresentanter etter kjønn
ÅrMennKvinner
198310 5183 288
19879 3884 260
19919 3443 729
19958 5204 143
19998 0794 174
20037 1843 954
20076 8424 110
20116 6704 115
20156 4764 145
20195 5573 779
20235 4103 701

Gå til Kahooten Kommunestyre- og fylkestingsvalg. Den handlar om faktaa over. Sjekk kor mange rette  du klarer 😊

Bergseteren, T. og Kleven, Ø. (2024). Flere kvinnelige ordførere. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/statistikk/kommunestyre-og-fylkestingsvalget-kandidater-og-representanter/artikler/flere-kvinnelige-ordforere

Statistisk sentralbyrå. (2023, 8. november). Valgresultat for kommunestyre- og fylkestingsvalgethttps://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/statistikk/valgresultat-for-kommunestyre-og-fylkestingsvalget 

Statistisk sentralbyrå. (2024, 11. januar). Kommunestyre- og fylkestingsvalget, kandidater og representanterhttps://www.ssb.no/valg/kommunestyre-og-fylkestingsvalg/statistikk/kommunestyre-og-fylkestingsvalget-kandidater-og-representanter 

Statistisk sentralbyrå. (2022, 11. oktober). Personer med stemmeretthttps://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/personer-med-stemmerett 

Statistisk sentralbyrå. (2024). Valghttps://www.ssb.no/valg/faktaside/valg