Gå til Kahooten Kommunestyre- og fylkestingsvalg. Den handlar om faktaa i del 2.
Kahoot
Sjekk kor mange rette du klarer 😊
Det er dei lokale sakene som påverkar kvardagen din mest. Når du røystar, er du med og bestemmer kven som skal representere deg og dine interesser i kommunestyret, skriv Valdirektoratet.
Det er ein større del av dei som har røysterett som røystar ved stortingsval enn ved kommunestyre- og fylkestingsvala. Og andelen som røystar er igjen høgare ved kommunestyreval enn ved fylkestingsval.
I Noreg er det val i september kvart fjerde år til kommunestyre og fylkesting. Desse to vala blir lagde til eit år midt mellom to stortingsval.
Ved kommunestyre- og fylkestingsval er reglane for kven som kan røyste dei same som ved stortingsval, men med eitt viktig unntak: Det er ikkje nødvendig å vere norsk statsborgar.
Valdeltakinga blant dei yngre veljarane er lågare enn for dei andre aldersgruppene i statistikken.
I oppgåva lærer du meir om demokrati og val ved å jobbe med sentrale omgrep og spørsmål. Kva er for eksempel «eit representativt demokrati», og kva tenker du på når du høyrer «St. Laguë»?
Korleis røystar dei unge i din kommune og i Noreg samanlikna med veljarar i andre aldersgrupper? I denne oppgåva lærer du om dette.
Kva er viktige saker for unge veljarar, og kva kan vere grunner til forskjellar i valdeltakinga for unge og eldre veljarar? Svar på dei fire spørsmåla i oppgåva, og lær meir om desse temaa.
Snakk saman om kva de har lært. Ta utgangspunkt i spørsmåla og læringsmåla under når de diskuterer.