- Kva trur de er viktige grunnar til at valdeltakinga er lågare for dei to yngste aldersgruppene (18–19 år og 20–24 år) enn for alle veljarar samla?
- Kva trur de er grunnen til at gruppa veljarar som er 18–19 år i større grad bruker røysteretten enn dei som er i gruppa 20–24 år?
- Kva vil vere dei tre viktigaste politiske sakene for dykk i det neste kommunestyre- og fylkestingsvalet?
- Korleis trur de at unge veljarar eventuelt vil skilje seg frå eldre veljarar i kva saker som dei ser på som dei viktigaste i dei neste kommunestyre- og fylkestingsvala?
Oppgåve C
Reflekter over og diskuter beskrivinga av unge veljarar i del 5
Kva er viktige saker for unge veljarar, og kva kan vere grunner til forskjellar i valdeltakinga for unge og eldre veljarar? Svar på dei fire spørsmåla i oppgåva, og lær meir om desse temaa.
Tekstar og oppgåver
Det er dei lokale sakene som påverkar kvardagen din mest. Når du røystar, er du med og bestemmer kven som skal representere deg og dine interesser i kommunestyret, skriv Valdirektoratet.
Det er ein større del av dei som har røysterett som røystar ved stortingsval enn ved kommunestyre- og fylkestingsvala. Og andelen som røystar er igjen høgare ved kommunestyreval enn ved fylkestingsval.
I Noreg er det val i september kvart fjerde år til kommunestyre og fylkesting. Desse to vala blir lagde til eit år midt mellom to stortingsval.
Ved kommunestyre- og fylkestingsval er reglane for kven som kan røyste dei same som ved stortingsval, men med eitt viktig unntak: Det er ikkje nødvendig å vere norsk statsborgar.
Valdeltakinga blant dei yngre veljarane er lågare enn for dei andre aldersgruppene i statistikken.
I oppgåva lærer du meir om demokrati og val ved å jobbe med sentrale omgrep og spørsmål. Kva er for eksempel «eit representativt demokrati», og kva tenker du på når du høyrer «St. Laguë»?
Korleis røystar dei unge i din kommune og i Noreg samanlikna med veljarar i andre aldersgrupper? I denne oppgåva lærer du om dette.
Kva er viktige saker for unge veljarar, og kva kan vere grunner til forskjellar i valdeltakinga for unge og eldre veljarar? Svar på dei fire spørsmåla i oppgåva, og lær meir om desse temaa.
Snakk saman om kva de har lært. Ta utgangspunkt i spørsmåla og læringsmåla under når de diskuterer.