Nye tal frå nasjonalrekneskapen viser at bruttonasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg auka monaleg i mai. Likevel ligg BNP Fastlands-Noreg framleis 0,7 prosent under nivået i februar 2020, siste månad før koronapandemien braut ut. Veksten i økonomien fell saman med at samfunnet gradvis vart opna att. I april og mai opna butikkar og kjøpesenter att i fleire kommunar. Etter tre veker med skjenkestopp vart forbodet oppheva på nasjonalt nivå i midten av april. Enkelte stader haldt ein fram med lokale tiltak  heilt til slutten av mai.

Figur 1. Bruttonasjonalprodukt og konsum i hushalda. Sum tre månader, rullerande. Sesongjustert. Volumindeksar. 2018=100

Figur 2. Bruttonasjonalprodukt og konsum i hushalda. Månadleg. Sesongjustert. Volumindeksar. 2018=100

Bruttoproduktet i varehandelen auka markant i mai. Det  var den viktigaste årsaka til veksten i (BNP) for Fastlands-Noreg. Det var oppgang i fleire bransjar, mellom dei klesforretningar. Aktiviteten i næringar som har vore hardt ramma av pandemien, vaks òg i mai. Det var mellom anna god vekst for  overnattings- og serveringstenester, og dessutan kultur, underhaldning og annan tenesteyting, men frå eit lågt aktivitetsnivå. Samla vaks tenesteproduksjonen 2,2 prosent. Trass i innhentinga i mai er nivået framleis 2,7 prosent lågare enn i februar 2020.

Industri og bergverk vaks berre 0,2 prosent i mai. Det aller meste av dette kom frå bergverka.. Utviklinga i industrien samla sett var nærast uendra frå april, men det varierer mykje mellom næringane. Produksjon av metallvarer trekte opp industrien i mai, medan tilarbeiding av fisk drog i motsett retning.

Aktiviteten i annan vareproduksjon endra seg lite mellom april og mai. Bygg- og anleggsnæringa trekte opp vareproduksjonen, medan fiske, fangst og akvakultur trekte ned.

Utvinning av olje og gass fall 1,5 prosent i mai. Samla BNP, altså inkludert utvinning, rørtransport og utanriks sjøfart, auka dimed 1,2 prosent.

Figur 3. Utvalde næringar. Faste 2018-prisar. Prosentvis volumendring

Konsum

Konsumet til hushalda vaks 4,7 prosent i mai. Då butikkar og kjøpesenter opna att i fleire kommunar gav det sterk oppgang i varekonsumet. I mai auka varekonsumet 4,9 prosent,  den høgaste veksten sidan juni i fjor. Det var spesielt sterk vekst i konsumet av klede og sko, møblar og diverse hushaldsutstyr.

Tenestekonsumet steig 3,7 prosent, også det den høgaste veksten sidan juni i fjor. Oppheving av det nasjonale skjenkeforbodet og gjenopning av serveringsstader i Oslo gav sterk vekst i serveringskonsumet. Konsum av hotell- og restauranttenester bidrog mest til å trekka opp tenestekonsumet i mai. Tenestekonsumet var framleis 12 prosent lågare enn før koronautbrotet.

Konsum i offentleg forvaltning steig 0,3 prosent i mai. Utviklinga i offentleg konsum byggjer på ulike indikatorar. Tala er å rekne som førebels. Dei vil verte revidert når rekneskap for stats- og kommuneforvaltninga for 2. kvartal kjem. Dei uvanlege høva gjer at uvissa er større enn vanleg.

Investeringar

Bruttoinvesteringane i fast realkapital auka 2,5 prosent i perioden mars-mai samanlikna med den førre tremånadersperioden. Det var petroleums- og bustadinvesteringane som bidrog til oppgangen. Bustadinvesteringane fall rett nok noko tilbake i mai etter tre månader med oppgang.

For andre bruttoinvesteringar enn bustadinvesteringane er det generelt svak tilgang på god månadsinformasjon. For petroleumsinvesteringar, investeringar i industri, bergverk og kraftforsyning nyttar vi informasjon om planlagde investeringar, slik dei er rapporterte av selskapa.

Eksport og import

Eksporten fall 2,1 prosent i mai, trekt ned av lågare naturgasseksport. Så langt i år er volumet på eksporten av råolje og naturgass om lag det same som i tilsvarande periode i 2020. Men prisane har betra seg monaleg. Målt i laupande prisar har verdien av råolje- og naturgasseksporten auka nesten 70 prosent, målt mot same periode året før. Eksporten av tradisjonelle varer auka 0,4 prosent samanlikna med månaden før.

Samla import vaks 1,8 prosent i mai. Import av tradisjonelle varer auka med 4,6 prosent, trekt opp av bilar, maskiner og tilhøyrande utstyr. I motsett ende fall råoljeimporten markert.

Revisjonar

I samband med nye månadstal vil det koma tilbakegåande revisjonar. Statistikkunderlaget som vert nytta til utrekningane, vil normalt ikkje verte endra langt bakover, men sesongjusterte seriar kan likevel reviderast. Det er av di grunnlaget for sesongjusteringa vert endra når nye periodar kjem til. Nasjonalrekneskapen har nyleg gjeve ut ein artikkel om revisjonane i den månadlege nasjonalrekneskapen.

Under koronapandemien er uvissa større enn normalt. Ein må difor vera førebudd på større revisjonar, òg av di ein kan få endringar i underlagsmaterialet for utrekningane. Veksten i BNP for Fastlands-Noreg for april er revidert opp frå 0,3 til 0,4 prosent.

Også på enkelte andre område er det innarbeidd ny grunnlagsstatistikk for tidlegare månader. Makrobiletet er likevel om lag som tidlegare.

 

Torsdag 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjord på ein slik måte at tal frå og med mars ikkje inngår i grunnlaget for utrekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjord ved å spesifisera mars 2020 og dei følgjande månadene som ekstremverdiar.

SSBs sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.