331824
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/sjofiske/aar
331824
statistikk
2018-11-22T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
sjofiske, Sjøfiske etter laks og sjøaure, fangst, rømte oppdrettsfiskFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Sjøfiske etter laks og sjøaure

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

11 %

auke i fangstmengd frå 2017 til 2018

Fangst frå sjøfiske etter laks og sjøaure
KiloEndring i prosentEndring i prosentTal
20182017 - 20182013 - 20182018
Fangst i alt328 141116987 547
Laks i alt323 205116885 119
Under 3 kg90 2222224141 846
3-7 kg165 090154835 737
7 kg og over67 892-6247 536
Sjøaure4 93691112 428

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Fangst frå sjøfiske etter laks og sjøaure. Fylke

Fangst frå sjøfiske etter laks og sjøaure. Fylke
Fangst i altLaksSjøaure
I altUnder 3 kg3-7 kg7 kg og over
Kilo
2018
Heile landet328 141323 20590 222165 09067 8924 936
Østfold1 1391 12827070815111
Akershus og Oslo000000
Buskerud1 7761 75850086439419
Vestfold2 3562 3126611 34730444
Telemark000000
Aust-Agder1 6621 6474121 1389715
Vest-Agder27 53127 08110 32114 9851 776450
Rogaland27 31527 24210 05514 4512 73674
Hordaland000000
Sogn og Fjordane7 5057 4711 8004 4601 21134
Møre og Romsdal25 35225 1745 55215 6483 974177
Trøndelag75 61273 36521 64937 77113 9452 247
Nordland5 5655 2431 8192 896528321
Troms - Romsa20 46920 0207 2778 1674 577449
Finnmark - Finnmárku131 860130 76529 90762 65738 2011 095

Tabell 2 
Fangst frå sjøfiske etter laks og sjøaure dei siste 3 åra

Fangst frå sjøfiske etter laks og sjøaure dei siste 3 åra
Tonn1 000 stk
201620172018201620172018
I alt273295328617588
Laks i alt269290323597385
Under 3 kg377490173342
3-7 kg159144165343236
7 kg og over737268888
Sjøaure455222

Tabell 3 
Fangst frå sjøfiske etter laks og sjøaure i utvida fiskesesong

Fangst frå sjøfiske etter laks og sjøaure i utvida fiskesesong
Fangst i altLaksSjøaure
I altUnder 3 kgLaks 3-7 kgLaks 7 kg og over
Kilo
20168 5608 4752 6874 95883086
20174 5314 4591 7022 43931873
20181 9361 8885201 22414448
 
2018
Rogaland000000
Hordaland8508091366254841
Sogn og Fjordane18017531119265
Møre og Romsdal525243900
Trøndelag1401402896160
Nordland27527315594242
Troms - Romsa439439128281300

Om statistikken

Statistikken gjev ei oversikt over fangst av villaks og sjøaure tekne med fastståande reiskap i norske fjordar.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Anadrom : Uttrykk for dyr som regelmessig går frå havet og opp i elvene for å forplante seg.

Vekt : Vekta av fisken gjeld kilo rund fisk.

Ordinær sesong : Perioden frå og med 1. juni til og med 4. august.

Utvida sesong : Fiske retta mot rømt oppdrettsfisk. Til og med 2002 var fiskeperioden 1. oktober - 28. februar. Fra og med 2003 er fiskeperioden 5. august -  28. februar.

 

Standard klassifikasjonar

Før 1993 er talet på laks og vekta av laksen spesifisert for gruppene laks under 3 kg og laks 3 kg og over. Frå og med 1993 er laksen fordelt etter desse gruppene: Laks under 3 kg, laks mellom 3 og 6,9 kg og laks 7 kg og over.

 

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Sjøfiske etter laks og sjøaure
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Regionalt nivå

Kommunetal, fylkestal og tal for heile landet.

Kor ofte og aktualitet

Årleg. Tala blir publiserte i november same året som fisket går føre seg.

Internasjonal rapportering

Miljødirektoratet rapporterer til NASCO (North atlantic salmon conservation organization).

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnmaterialet blir lagra i Statistisk sentralbyrå. Registerdata og fangstdata ligg i Oracle-tabellar. Endeleg datafil lagrast på UNIX.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken representerer ein tidsserie frå 1876 og er eit sentralt element i det nasjonale og internasjonale overvakings- og forvaltningsarbeidet med anadrome laksefisk.

Brukarar og bruksområde

Fangststatistikk er ei viktig informasjonskjelde for naturforvaltning, presse, interesseorganisasjonar og andre aktørar. Forskingsmiljø nyttar statistikken til mellom anna å vurdere bestandsutvikling og til å gjere utrekningar av den samfunnsøkonomiske nytta av laksefiske.

Noreg har også forplikta seg til årleg å rapportere fangststatistikk til NASCO (North atlantic salmon conservation organization).

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.  Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Tal for elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye blir presentert i eigne artiklar frå SSB.

Lovheimel

Offentleg register, Statistikkloven §§2-2, 3-2 (adm. edb-systemer)

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken skal gjelde all fangst av laks og sjøaure teke med kilenot eller krokgarn innafor fiskerigrensa i ordinær sesong. I utvida sesong kan ein i tillegg fiske med setjegarn.

Fangst frå forskningsfiske i ordinær sesong er medrekna i statistikken.

Fiske i ordinær sesong: Hovudsaklig villfisk, men med innslag av rømt oppdrettsfisk.

Fiske i utvida sesong: Hovudsaklig rømt oppdrettsfisk, men med innslag av villfisk.

Datakjelder og utval

Fangstdagbøker frå fiskarane.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken byggjer på fangstdagbøker frå fiskarane. Alle som skal fiske, må først bli registrerte i Sjøfangstregisteret (fylkesmennenes nettstad for registrering av sjølaksefiskarar og fiskeplassar). Fylkesmennenes miljøvernavdelingar får blanke fangstdagbøker frå Direktoratet for naturforvaltning som dei sender ut til dei som står i sjølaksefiskarregisteret. Etter at fiskesesongen er slutt, skal bøkene sendast til Statistisk sentralbyrå i utfylt stand. Fiskarar som fisker i ordinær sesong og ikkje har sendt inn bok, blir purra etter det oppdaterte registeret som SSB hentar frå Sjøfangstregisteret. Fiskarar frå det utvida fisket blir ikkje purra for manglande rapportering.

 

Data blir overførte frå fangstdagbøkene til elektronisk form. For å identifisere feilføring og feiltasting er det lagt inn maskinelle kontrollar. På dette grunnlaget blir det gjort opprettingar for logiske feil og uriktige oppgåver. Mangelfulle og feilaktige opplysningar gjer at ein av og til må bruke skjønn ved oppretting.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Tal for kommunar med færre enn 3 oppgåvegivarar prikkast ut.

Samanlikningar over tid og stad

Frå og med 1989 blei drivgarnfiske forbode.

Frå og med 1993 blei det ny organisering av datainnsamlinga. Tidlegare samla laksestyra inn oppgåver og sende oss data for kommunar. Frå og med 1993 får vi fangstdagbøker direkte frå fiskarane. Trass i dei nemnde måle- og handsamingsfeila, reknar ein med at statistikken gir eit tilnærma rett bilete av utviklinga i fisket etter laks og sjøaure frå år til år. Ny organisering av datainnsamlinga gjer det likevel usikkert om tala for 1993 og seinare kan samanliknast med tal frå tidlegare år.

 

Frå og med 1997 vart det opna for fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong i fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland og Troms.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Oppgåvene som blir sendt inn, kan vere av vekslande kvalitet. På grunn av mangelfulle og feilaktige opplysningar, må ein av og til bruke skjønn ved oppretting.

 

Revisjon

Ikkje relevant

Faktaside

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB