I definisjonen av ein landbrukseigedom er kravet at eigedomen skal ha minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. Det er også eit krav at eigedomen blir nytta eller kan nyttast til landbruksformål. Det er i ein del tilfelle vanskeleg å avgjera om ein eigedom skal reknast som ein landbrukseigedom. Tidlegare har det blitt brukt skjønn for ein del eigedomar som det er usikkerheit kring. Frå og med 2022 er det etablert ei meir fast linje med mindre bruk av skjønn. Det vert teke utgangspunkt i eigedomane i Landbruksregisteret supplert med alle eigedomar eigd av enkeltpersonar og eit utval eigedomar eigd av upersonlege eigarar frå arealressurskartet. Eigedomane som blir henta frå arealressurskartet oppfyller krava til ein landbrukseigedom, men finst ikkje i Landbruksregisteret.

Arealet av alle landbrukseigedomar i Noreg utgjer om lag 253 millionar dekar, noko som er omtrent tre firedelar av alt fastlandsareal i landet. Av dette arealet er rundt ein tredel jordbruksareal og produktivt skogareal, medan resterande to tredelar omfattar uproduktiv skog, open fastmark, fjell, myr, vatn, utbygd areal, vegar og liknande.

Figur 1. Areal på landbrukseigedomar etter type. 2023
Sektordiagram med 7 sektorer.
Highcharts.com
Figur 1. Areal på landbrukseigedomar etter type. 2023
ArealtypeProsent
Jordbruksareal4
Produktiv skog28
Uproduktiv skog17
Open fastmark32
Myr6
Bart fjell, breer og ferskvann11
Utbygd areal, vegar og liknande1

1 av 3 eigedomar har mindre enn 100 dekar areal

31 prosent av eigedomane har mindre enn 100 dekar areal, medan 850 eigedomar har over 20 000 dekar med eit samla areal på 125 millionar dekar. 83 prosent av landbrukseigedomane hadde både jordbruksareal og produktivt skogareal. 9 prosent hadde berre jordbruksareal og 9 prosent hadde berre produktivt skogareal i tillegg til eventuelt anna areal.

Mange landbrukseigedomar har lite jordbruksareal, og i 2023 hadde noko over halvparten av eigedomane mellom 5 og 49 dekar jordbruksareal. Eigedomane i Innlandet har størst del jordbruksareal, etterfølgd av tidlegare Viken og Trøndelag. Av kommunane i Innlandet er det Ringsaker, Østre Toten og Åsnes som har størst jordbruksareal. Av alle kommunane i Noreg er det Indre Østfold som har størst jordbruksareal, etterfølgt av Ringsaker og Steinkjer.

Dei største areala av produktiv skog finn ein også i fylka Innlandet, Viken og Trøndelag. Mellom kommunane er det Trysil og Rendalen i Innlandet og Ringerike i Viken som har størst areal av produktiv skog.

Figur 2. Landbrukseigedomar etter andel jordbruksareal og produktivt skogareal, fylkesvis. 2023. Prosent
Søylediagram med 2 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Fylke.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 2 til 27.
Highcharts.com
Figur 2. Landbrukseigedomar etter andel jordbruksareal og produktivt skogareal, fylkesvis. 2023. Prosent
FylkeJordbruks- arealProduktivt skogareal
Agder39
Troms og Finnmark45
Møre og Romsdal54
Nordland66
Vestfold og Telemark69
Vestland97
Rogaland92
Trøndelag1615
Viken/Oslo2016
Innlandet2027

Landbrukseigedomane har ein femdel av bygningsmassen i Noreg

Landbrukseigedomane har stor bygningsmasse. I alt var det registrert 926 200 bygningar på landbrukseigedomane i 2023, det utgjer litt over ein femdel av den totale bygningsmassen i Noreg. Av dei 182 500 landbrukseigedomane i 2023 var det bygningar på 90 prosent og i snitt hadde kvar landbrukseigedom nesten seks bygningar kvar.

Om lag 193 100 bygningar på landbrukseigedomane er førte opp i [SEFRAK-registeret: er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. (Sekretariatet For Registrering Av Faste Kulturminne I Norge).. Det er eldre bygningar som stort sett vart bygde før 1900. Rundt 76 000 av  landbrukseigedomane hadde minst ein SEFRAK-bygning.

Innlandet har størst del busette på ein landbrukseigedom i høve til alle busette i fylket

143 200 landbrukseigedomar hadde bustadbygningar og det var busette i 112 600 av dei. I alt budde det 347 000 personar på landbrukseigedomane i 2023, noko som er 3 500 færre enn året før. Frå 2014 til 2023 har talet på busette personar på landbrukseigedomar blitt redusert med 54 600 personar.

Innlandet er det fylket som har størst del busette på ein landbrukseigedom i høve til alle busette i fylket. I alt 16 prosent av dei busette i Innlandet budde på ein landbrukseigedom i 2023. Deretter følgjer Trøndelag og Møre og Romsdal. Viken og Oslo var fylka med færrast busette på ein landbrukseigedom.

Av kommunane er det Lesja, Tolga og Hjartdal som har den største delen busette på ein landbrukseigedom av alle busette i kommunen, med høvesvis 49, 47 og 47 prosent.

Nordland har flest landbrukseigedomar med bustadbygningar utan busetjing

30 500 eller drygt kvar femte landbrukseigedom med bustadbygning var utan fast busetjing. I Nord Noreg finn ein størst del landbrukseigedomar med bustadbygning utan busetjing. I Nordland var 40 prosent utan busetjing, og i Troms og Finnmark var det 34 prosent.

Medan 30 prosent av eigedomane med mindre enn 50 dekar jordbruksareal var fråflytta, var tilsvarande tal for eigedomar med over 100 dekar jordbruksareal 5 prosent. Ein god del av eigedomane utan fast busetjing blir antakeleg brukt som fritidsbustad.

Figur 3. Landbrukseigedomar med og utan bygning og busetjing. 2023.
Sektordiagram med 4 sektorer.
Highcharts.com
Figur 3. Landbrukseigedomar med og utan bygning og busetjing. 2023.
LandbrukseigedomarProsent
Med bustadhus og busetjing 112 60062
Med bustadhus, men utan fast busetjing 30 50017
Andre bygningar enn bustadhus 21 50012
Utan bygningar 17 80010

92 prosent av landbrukseigedomane har personleg eigar

Om lag 168 800 landbrukseigedomar har personleg eigar og 13 700 har upersonleg eigar eller er dødsbu. Av eigedomane med personleg eigar har 28 prosent kvinneleg eigar. Dei siste 15 åra har delen kvinnelege eigarar auka med 2 prosentpoeng. Over tre firedelar av landbrukseigedomane har ein eigar. 33 000 landbrukseigedomar har to eigarar og 70 prosent av desse er eigde av ektefellar. Gjennomsnittsalderen for personlege eigarar i alt var 60 år, med 59 år for menn og 61 år for kvinner.

58 prosent av landbrukseigedomane vart overdregne innanfor familien

Det var i alt 8 850 omsetningar av landbrukseigedomar i 2023. For 57 prosent av desse omsetningane oppgav dei nye eigarane at landbruk var formålet med kjøpet. 27 prosent av eigedomane skulle nyttast til bustadformål og omtrent 10 prosent skulle nyttast til fritidsbustad.

2 100 omsetningar var i kategorien gåve og 3 000 var skifte- og uskifteoppgjer. Både kategorien gåve og skifte- /uskifteoppgjer er oftast overdragingar av eigedom mellom familiemedlemmer. I alt vart 5 100 landbrukseigedomar overdrege innanfor familien.

Ein av fem landbrukseigedomar har eiga jordbruksdrift

I 2023 hadde 35 800 landbrukseigedomar eiga jordbruksdrift, det er ein femdel av alle landbrukseigedomane. For 15 år sidan hadde ein firedel av landbrukseigedomane eiga jordbruksdrift. Delen eigedomar med eiga drift, også kalla jordbruksbedrifter, har gått ned kvart år sidan då. Det er størst fråfall av jordbruksbedrifter blant eigedomar med lite jordbruksareal.

Landbrukseigedomane med eiga jordbruksbedrift eigde til saman 5,54 millionar dekar jordbruksareal. Samtidig var det 88 900 eigedomar som leigde bort til saman 4,9 millionar dekar jordbruksareal. På 42 100 eigedomar med til saman 690 000 dekar jordbruksareal vart det ikkje registrert jordbruksaktivitet.

Figur 4. Landbrukseigedomar med jordbruksdrift etter eid jordbruksareal. 2023
Linjediagram med 6 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Talet på eigedomar. Dataene varierer fra 681 til 13528.
Highcharts.com
Figur 4. Landbrukseigedomar med jordbruksdrift etter eid jordbruksareal. 2023
ÅrUnder 50 dekar50-99 dekar100-199 dekar200-299 dekar300-499 dekar500 dekar og meir
20148 08611 24213 5284 9402 617681
20157 46210 66613 4385 1002 784761
20167 32110 39813 1875 0122 753777
20177 16310 07512 7914 9602 762796
20187 1099 72012 5464 9302 805811
20196 8779 46412 2864 8572 839841
20206 9839 29912 0784 7922 811839
20216 9049 13111 8084 7062 774833
20226 5818 90511 5424 9183 0981 042
20236 6028 78911 3904 8343 1021 063