Jordbruk og miljø
Artiklane under Jordbruk og miljø presenterer statistikk som kastar lys over status og utvikling i høve til miljømåla for jordbruket. Tidlegare blei statistikken gitt ut i ein årleg rapport, Jordbruk og miljø - Tilstand og utvikling. Artiklane er inndelt etter ulike tema, mellom anna basisinformasjon om jordbruket, arealforvaltning, økologisk jordbruk, gjødsling, plantevern og utslepp til luft. Det geografiske dekningsområdet er heile landet. Statistikken byggjer på eit bredt utval av datakjelder både i og utanfor SSB.
Artikler, analyser og publikasjoner
2025
Mindre omdisponering av dyrka og dyrkbar jord Artikkel 23. september
Frå 2023 til 2024 minka vedtatt omdisponering av dyrka jord med 300 dekar til 2 500 dekar. For dyrkbar jord var det ein nedgang på 1 200 dekar til 2 700 dekar.
Langt færre gardar, men same jordbruksareal Artikkel 9. september
Kvart år blir det færre jordbruksbruksbedrifter i Noreg, og i løpet av dei siste 50 åra har 3 av 4 gardsbruk lagt ned drifta. Likevel held jordbruksareal i drift seg relativt stabilt og ligg på om lag 10 millionar dekar.
Færre sauer på beite i 2024 Artikkel 2. september
Frå 2023 til 2024 har talet på sauer på utmarksbeite gått ned med 1,4 prosent til 1,77 millionar. Seterdrift har tidlegare hatt ein sentral rolle i landbruket, men i 2024 blei det registrert berre 743 setrer i drift, mot 750 året før.
Auke i det økologiske arealet Artikkel 25. august
Det økologiske arealet utgjorde 4,3 prosent av alt jordbruksareal i drift i 2024. Det er ein liten auke frå året før.
2024
Landbrukseigedomar i Noreg Artikkel 5. desember
I 2023 var det 182 500 landbrukseigedomar i Noreg. Av desse hadde 35 800 eiga jordbruksdrift. 31 prosent av eigedomane hadde mindre enn 100 dekar areal. Det var busetjing på fire av fem landbrukseigedomar med bustadhus og 6 prosent av dei busette i Noreg budde på ein landbrukseigedom.
Lågare utslepp frå jordbruket i 2023 Artikkel 2. desember
I 2023 kom nær 10 prosent av klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren, noko som svarar til 4,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppa var nesten 11 prosent lågare enn i 1990 og 4 prosent lågare enn i 2022.
Bruk av gjødsel i jordbruket Artikkel 28. november
I 2023 var til saman 136 900 tonn nitrogen og 18 400 tonn fosfor i mineralgjødsel og husdyrgjødsel tilgjengeleg for jordbruket. Samanlikna med året før er det ein nedgang på 8,8 prosent for nitrogen og 8,5 prosent for fosfor.
Energibruk i landbruket Artikkel 18. november
Jordbruket er ikkje ei kraftkrevjande næring, men har behov for energi til husdyrproduksjon, til maskinar, tørking av korn og liknande.
Jordbrukets kulturlandskap Artikkel 12. november
Jordbrukslandskapet og beitemarker inngår som ein viktig del av kulturlandskapet i Noreg. Det finst fleire tilskotsordningar i jordbruket for å ta vare på kulturlandskapet.
Nær halvparten av jordbruksareal i drift er leigejord Artikkel 4. november
I løpet av dei siste 50 åra har del leigejord av jordbruksareal i drift auka betrakteleg. I 2023 var delen leigejord 48 prosent av alt areal i drift. I 1969 var 15 prosent av jordbruksarealet leigejord.
Nedgang i beitebruk og seterdrift Artikkel 21. oktober
Frå 2022 til 2023 har talet på sauer på utmarksbeite gått ned med 58 000 til 1,81 millionar. Seterdrift har tidlegare hatt ein sentral rolle i landbruket, men i 2023¹ blei det registrert berre 750 setrer i drift, og om lag 2,3 prosent av jordbruksbedriftene dreiv med seterdrift.
Små endringar i det økologiske jordbruksarealet Artikkel 17. oktober
Det økologiske arealet utgjorde 4,2 prosent av alt jordbruksareal i drift i 2023. Det er om lag det same som året før.
Nedgang i omdisponering av dyrka og dyrkbar jord Artikkel 3. oktober
Frå 2022 til 2023 minka vedtatt omdisponering av dyrka jord med 800 dekar til 2 700 dekar. For dyrkbar jord var det ein nedgang på 300 dekar til 4 000 dekar.
Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr Artikkel 23. september
Jordbruksareal i drift held seg relativt stabilt og ligg på om lag 10 millionar dekar. Kvart år blir det færre jordbruksbruksbedrifter, og i løpet av dei siste 50 åra har 3 av 4 gardsbruk lagt ned drifta.
Gjødsel i jordbruket Artikkel 8. februar
I 2022 var til saman 149 000 tonn nitrogen og 20 400 tonn fosfor i mineralgjødsel og husdyrgjødsel tilgjengeleg for jordbruket. Samanlikna med året før er det ein nedgang på 5,8 prosent for nitrogen og 5,3 prosent for fosfor.
Tidligere artikler i samme serie
Publisert: 31. mai 2021
Frå 2019 til 2020 har talet på sauer på utmarksbeite gått ned frå 1,93 millionar til 1,91 millionar. Seterdrift har tidlegare hatt ein sentral rolle i landbruket, men i 2020 blei det registrert berre 781 setrer i drift, og berre 2,5 prosent av jordbruksbedriftene dreiv med seterdrift.
Publisert: 19. mai 2021
I løpet av dei siste 50 åra har del leigejord av jordbruksareal i drift auka betrakteleg. I 2019 var delen leigejord 46 prosent av alt areal i drift. I 1969 var 15 prosent av jordbruksarealet leigejord.
Publisert: 14. mai 2021
I 2019 kom 8,8 prosent av klimagassutsleppa frå jordbrukesektoren, noko som svarar til 4,4 millionar CO2-ekvivalentar. Utsleppa var omtrent 7 prosent lågare enn i 1990 og 0,9 prosent lågare enn i 2018.
Publisert: 11. mai 2021
Frå 2019 til 2020 auka vedtatt omdisponering av dyrkbar jord med 1 700 dekar, eller 36 prosent, til 6 500 dekar. For dyrka jord var det ein auke på 100 dekar til 3 900 dekar.
Publisert: 19. april 2021
Det økologiske arealet utgjorde 4,2 prosent av alt jordbruksareal i drift i 2020. Arealet auka fram til 2011 for så å minke, men frå 2019 til 2020 auka arealet litt igjen.
Publisert: 19. mars 2021
Jordbruksareal i drift held seg relativt stabilt og ligg på om lag 10 millionar dekar. Men kvart år blir det færre jordbruksbruksbedrifter, og i løpet av dei siste 50 åra har 3 av 4 gardsbruk lagt ned drifta.