Frå 2. kvartal 2022 til 1. kvartal 2024 flytte mellom 6 000 og 14 600 ukrainarar til Noreg i kvartalet. I 2. kvartal 2024 var talet 3 700, viser nye tal frå statistikken Befolkning.
Befolkninga vaks med i alt 9 300 i 2. kvartal, og enda på 5 571 600. Det var færre innvandringar enn i same kvartal i fjor, men talet på fødde auka.
Fleire fødde enn same kvartal i fjor
Talet på fødde var 14 300. Det er 600 fleire enn i same kvartal i fjor, og 1 000 høgare enn i same kvartal for to år sidan.
– Det er ein tydeleg auke, men fødselstalet er framleis lågare enn i 2. kvartal i 2021 og dei fleste åra før det, seier førstekonsulent Linn Krokedal i SSB.
Ser ein på dei forskjellige aldersgruppene, så heldt forskjellen mellom kvinner over og under 30 år fram med å auke.
– Det var auken i fødslar for kvinner over 30 år som dreiv veksten, medan kvinner under 30 år fødde noko sjeldnare enn i same kvartal året før, held Krokedal fram.
Finn tal for din kommune
Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar etter fylke:
Østfold