– Fleire held saman. Det er både fleire som giftar seg og færre som går frå kvarandre, seier demograf Anders Sønstebø i SSB.

I 2022 var det 8 200 ektepar som skilde lag, viser nye tal frå statistikken Ekteskap og skilsmisser. Det er færre enn noko anna år sidan 1986 og tett på 700 lågare enn i 2021.

– Spekulasjonane om at koronatiltaka ville føre til fleire ekteskapsbrot er gjort grundig til skamme, seier demograf Anders Sønstebø i SSB.

I 2022 vart tett på 21 000 par smidd i Hymens lenkjer, medan berre drygt 17 000 tok ut separasjon eller skilsmisse. Dette er ein oppgang på om lag 4 700 vigslar samanlikna med året før.

Figur 1. Vigslar, skilsmisser og separasjonar

Større andel «grå skilsmisser»

Sjølv om skilsmisseraten samla sett er tydeleg lågare enn for 20 år sidan, kan ein sjå ein tendens til at dette ikkje gjaldt for dei over 50 år. Som figur 2 syner, er andelen per 1 000 gifte som skil lag nær dobla dei siste 30 åra for denne gruppa. Skilsmisser i slik godt vaksen alder kallast av somme for «grå skilsmisser»  med adresse til hårfargen desse para ofte har.

– Utviklinga er at vi giftar oss og får born seinare. Vi veit at mange held familien saman til borna likevel skal flytta for seg sjølv. Denne fasen kjem difor naturleg ved en høgare alder, seier Anders Sønstebø.

Figur 2. Skilsmisseratar for kvinner i utvalgte aldersgrupper

Vigselstal som før pandemien

Talet på vigslar var drygt 20 prosent lågare i pandemiåra 2020 og 2021 samanlikna med åra rett før. Før dette var det ein jamn nedgang, og det er rimeleg å tru at den vesle veksten på 800 fleire vigslar enn i 2019 er utsette bryllaup.

– For mange av dei som vel å gifte seg er dette rekna som ein av dei største dagane i livet. Tradisjonen er å samle slekt og vener til fest og dette var ikkje råd i tiltaksperiodane under pandemien. Kor mange som utsette eller avlyste for godt veit vi lite om, seier Anders Sønstebø.

Størst auke i kyrkjebryllaup

Sjølv om det framleis er flest som giftar seg borgarleg var den klårt sterkaste auken i Den norske kyrkja. Som ein kan sjå av figur 3 var det 2 800 fleire kyrkjevigslar i 2022 enn året før. Prosentvis var auken størst for vigslar i utlandet, men dette var likevel mykje meir populært for 10 års tid sidan.

– Det kan sjå ut som det tradisjonelle kyrkjebryllaupet var det som lei mest under pandemien, og dermed også fekk den sterkaste auken når det på ny vart lov å samlast, seier Anders Sønstebø.

Figur 3. Type vigsel