Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den store auken i 2. kvartal 2021 kjem eit år etter at talet på Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. falt mykje etter utbrottet av koronaviruset. Etter 2. kvartal 2020 har talet på ledige stillingar auka kvart kvartal og er no på sitt høgaste sida 2010.

Den sesongjusterte Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. var på 3,2 i 2. kvartal 2021, ein auke på 0,7 prosentpoeng samanlikna med førre kvartal.

Figur 1 viser at det sesongjusterte talet på ledige stillingar ligg på eit høgt nivå i 2. kvartal 2021. Effekten av koronakrisa inngår ikkje i grunnlaget for sesongmønsteret. Les meir om korleis koronakrisa blir behandla i denne statistikken nedst i artikkelen.

Figur 1. Ledige stillingar. Trend, sesongjusterte og ujusterte tal

Størst auke innan overnattings- og serveringsverksemd

Mange næringar har opplevd ein auke sist kvartal. Innan overnattings- og serveringsverksemd auka talet på ledige stillingar frå 1 100 til 5 300 sist kvartal, ei nesten femdobling. Dette samsvarer med auken i jobbar vi observerte i same næring i statistikken antall arbeidsforhold og lønn.

Andre næringar med stor auke er varehandel og jordbruk, skogbruk og fiske. I fyrstnemnde auka talet på ledige stillingar med 2 200 frå sist kvartal, mens sistnemnde auka frå 400 til 1 700.

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte.

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.