243067
243067
Arbeidsløysa på 5 prosent
statistikk
2016-09-21T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrkenSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
true

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2016

For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt. Derfor samanliknar ikkje SSB dei siste tala med førre publisering. Føremålet med sesongjustering er å beskrive utviklinga gjennom året utan systematiske sesongsvingingar.

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Fra 23. september vil SSB endre publiseringstidspunkt på alle statistikker til kl. 08.00.

Arbeidsløysa på 5 prosent

I juli var det 139 000 arbeidslause, justert for sesongvariasjonar. Dette utgjorde 5,0 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Juli 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar139 00011 000
I prosent av arbeidsstyrken5,00,4
 
Sysselsette personar2 654 0005 000
I prosent av befolkninga67,40,0

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa blant personar i aldersgruppa 15-74 år opp med 11 000 personar frå april (gjennomsnitt av mars–mai) til juli (gjennomsnitt av juni–august). Denne endringa er innanfor feilmarginen. Ser vi berre på dei i aldersgruppa 25-74 år, viser AKU ein auke i arbeidsløysa på 12 000 personar. Denne endringa er utanfor feilmarginen.

Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 1 000 personar frå april til juli. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader. Summen av registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV har lege stabilt på rundt 100 000 personar i heile 2016.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 5 000 frå april til juli, noko som er innanfor feilmarginen. Ifølge AKU har talet på sysselsette vore uendra siste år når ein tar omsyn til feilmarginen. Men sidan befolkninga i aldersgruppa 15–74 år har auka i den same perioden, har prosentdelen sysselsette gått gradvis ned. Frå juli 2015 til juli 2016 gjekk prosentdelen sysselsette ned med 0,6 prosentpoeng, til 67,4 prosent.

Arbeidsløysa ned i EU og USA

I Frankrike og Sverige gjekk arbeidsløysa opp 0,4 prosentpoeng frå høvesvis 9,9 og 6,7 prosent til 10,3 og 7,1 prosent frå april til juli. I EU sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned 0,1 prosentpoeng i same periode, frå 8,7 til 8,6 prosent. I Tyskland, Danmark og USA gjekk arbeidsløysa også ned 0,1 prosentpoeng. I Tyskland utgjorde dei arbeidslause 4,2 prosent av arbeidsstyrken i juli, i Danmark 6,2 prosent og i USA 4,9 prosent.