Totalt vart det registrert 19 240 nye føretak i 4. kvartal 2021. Det er ein svak nedgang på 2 prosent frå 4. kvartal 2020, men vel 6 prosent fleire enn førre kvartal. Talet på nye føretak er det nest høgaste i eit 4. kvartal noko år, berre i 2020 låg talet høgare. Nivået er likevel 7 prosent under den førebelse toppen i 1. kvartal 2021. Med unntak av det kriseprega 2. kvartal 2020, har talet på nyetableringar ligge høgt under pandemien.

Det var lite rørsle i nivået på nyetableringar innan dei ulike organisasjonsformene, samanlikna med 4. kvartal 2020. Målt mot nivået før pandemien, har derimot talet på nye aksjeselskap, ein selskapsform som avgrensar risikoen for eigarane, auka betydeleg. Frå 2019 til 2021, åra sett under eitt, steig talet på nye aksjeselskap med heile 35 prosent, medan talet på nye einskildføretak berre steig i takt med den gjennomsnittlege toårsveksten for perioden 2014 til 2019 på 5 prosent. Det kan tyde at på toppen av den underliggjande trenden med ei lita årleg auke i nyetableringar, kom det ei ny gruppe av etablerarar under pandemien, som søkte mot låg risiko.

Kultur og transport i sterk vekst

Det vert etablert føretak innan kultur, underhaldning og fritid som aldri før, opp 20 prosent frå det førre kvartalet og heile 36 prosent fleire enn i 4. kvartal 2020. Talet på nyetableringar er det nest høgaste som er registrert i kulturnæringane noko kvartal, berre 4. kvartal 2019 låg marginalt høgare.

Innan transport og lagring er tala òg svært sterke – 1 612 etableringar er det høgste som er registrert i noko kvartal, opp 28 prosent frå både det førre kvartalet og frå 4. kvartal i fjor. Nivået er vesentleg høgare enn før pandemien. Varehandelen hadde derimot eit fall i nyetableringar på 16 og 6 prosent frå høvesvis det førre kvartalet og 4. kvartal i fjor. Nivået ligg no lågare enn før pandemien, og trenden er fallande. Ei forklåring kan vere overgang frå handel i butikk til netthandel, der utanlandske butikkar tar delar av marknaden.

Den auka nyetableringa innan kultur og transport skjedde utelukkande i form av einskildpersonføretak, trass i at aksjeselskap var den typen nyetableringar som totalt sett auka mest. Nesten all auke i nyetablering blant aksjeselskap under pandemien har komme innan kategorien ukjend næring. For desse nyetableringane vil næringa bli registrert seinare, og det kan tyde at veksten innan kultur- og transportnæringane var enda sterkare enn tala viser.

Talet på nye føretak auka mest i Nord-Norge med vel 9 prosent frå 4. kvartal året før, medan Sørlandet hadde svakast utvikling med eit fall på 7 prosent.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane