Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Billegare diesel - men andre kostnader steig
Dieselprisen gjekk ned med 1,3 prosent frå august til september 2009, men samtidig gjekk kostnadene for kapital, forsikring og administrasjon opp.
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp med 0,1 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 0,4 prosent.
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 1,3 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle 15prosent.
Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen auka med 1,7 prosent frå august til september. Det siste året har denne indeksen gått ned 4,3 prosent.
Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen gjekk opp med 1,4 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå september 2008 til september 2009 har forsikringspremiane auka med 7,6 prosent.
Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene auka med 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen gått opp 3,4 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83