Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i servicekostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp med 0,3 prosent frå mai til juni 2009. Dei viktigaste grunnane er auka reparasjons- og servicekostnader og høgare dieselprisar. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene gått ned 0,5 prosent.
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 2,7 prosent frå mai til juni etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med nærare 13 prosent.
Dyrare diesel
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 1,9 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle 19 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall med 1,7 prosent den siste månaden. Dette kjem av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 9,4 prosent.
Nedgang i dekkprisane
Dekkindeksen gjekk ned 1,0 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå juni 2008 til juni 2009 har denne delindeksen auka med 8,5 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83