Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka dieselpris gjev dyrare vegtransport
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,7 prosent frå mars til april 2009. Dei viktigaste grunnane er prisauke på diesel og høgare dekkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 1,3 prosent.
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 4,5 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle 13,3 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall 1,5 prosent frå mars til april 2009. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 5,9 prosent.
Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 1,6 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Frå april 2008 til april 2009 har denne delindeksen auka med 12,2 prosent.
Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,2 prosent frå mars til april. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige 7,7 prosent.
Om drivstoffindeksenDrivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane. |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83