Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Billegare diesel - men andre kostnader opp
Dieselprisen gjekk ned med 3,5 prosent frå september til oktober 2008, men samtidig gjekk kostnadene for kapital, reparasjon og dekk opp.
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned med 0,4 prosent frå september til oktober. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 8,5 prosent.
Billegare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen fall med 3,5 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 20,7 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.
Høgare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen har stige med 0,9 prosent frå september til oktober, som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgifter, stige med 5,2 prosent.
Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,6 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos einskilde leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 6,9 prosent.
Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 0,5 prosent frå september til oktober. Det siste året har denne delindeksen auka med 4,1 prosent.
Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusive merverdiavgift. For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83