15104_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15104
Framleis prisauke på diesel
statistikk
2008-04-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport1. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis prisauke på diesel

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 1,1 prosent frå februar 2008 til mars 2008, hovudsakleg på grunn av dyrare diesel og auka kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 7,9 prosent.

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 5,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 21,8 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Mars 2007-mars 2008. Basismånad januar 1998=100

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 1,2 prosent frå februar til mars. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 6,2 prosent.

Svak auke i administrasjonskostnadene

Administrasjonskostnadene gjekk opp med 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har administrasjonskostnadene stige med 3,9 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane har endra seg lite den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks

Tabeller: