Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i lastebilkostnadene
Lågare kapitalkostnader trekte lastebilkostnadene ned den førre månaden. Prisauke på diesel og dekk verka i motsett retning.
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,1 prosent frå mars til april. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 3,7 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,3 prosent frå mars til april. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 9,3 prosent.
Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.
Dyrare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen auka med 2,1 prosent den siste månaden. Frå april 2006 til april 2007 har denne delindeksen gått ned 1,4 prosent.
Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad og er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.
Prisauke på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 0,8 prosent frå mars til april. Det siste året har denne delindeksen stige med 5,9 prosent.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva. For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/ |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83