Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lita endring i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå februar 2007 til mars 2007. I løpet av dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 3,6 prosent.
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,7 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 5,2 prosent.
Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 0,7 prosent frå februar til mars. I løpet av det siste året har denne delindeksen stige med 7,2 prosent.
Dyrare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 0,3 prosent den siste månaden. Frå mars 2006 til mars 2007 har denne delindeksen gått ned 2,2 prosent.
Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad.
Nedgang i kapitalkostnadene
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,7 prosent frå februar til mars. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 9,2 prosent.
Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.
Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusive meirverdiavgift. For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/ |
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83