15130_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15130
Auka dieselprisar
statistikk
2007-03-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport0.666666666666666667. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka dieselprisar

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,5 prosent frå januar til februar, noko som i hovudsak skuldas auka prisar på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 4,0 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Februar 2006-februar 2007

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 2,9 prosent den siste månaden. Det var inga endring i denne delindeksen frå februar 2006 til februar 2007.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad.

Auke i lønn og sosiale kostnader

Lønnsindeksen auka med 0,1 prosent frå januar til februar. I løpet av det siste året har lønnsveksten for tilsette innanfor lastebiltransport stige med 4,2 prosent.

Auka administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene har stige med 0,1 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med 1,8 prosent.

Svak nedgang i kapitalkostnadene

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,1 prosent frå januar til februar. I løpet av det siste året har denne delindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 9,5 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg

Tabeller: