15132_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15132
Svak auke i lastebilkostnadene
statistikk
2007-02-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport0.333333333333333333. kvartal 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i lastebilkostnadene

Høgare kapitalkostnader, ferjekostnader og forsikringspremiar gjorde det dyrare å kjøre lastebil førre månaden. Lågare dieselprisar dempa auken noko.

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport har stige 0,2 prosent frå desember 2006 til januar 2007. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 3,5 prosent.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Januar 2006-januar 2007. Januar=100

Billegare diesel

Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 2,8 prosent den siste månaden. I løpet av det siste året har denne delindeksen gått ned 2,8 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 3,4 prosent frå desember til januar. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 9,5 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Auke i ferje- og bomkostnadene

Delindeksen for ferjekostnader og bompengar auka med 1,8 prosent frå desember til januar. Dei siste tolv månadene har denne indeksen stige 2,0 prosent.

Høgare forsikringspremiar

Forsikringsindeksen gjekk opp med 1,1 prosent i løpet av den siste månaden, etter prisjusteringar hos nokre forsikringsselskap. Det siste året har forsikringspremiane gått ned 1,6 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusive meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: http://www.ssb.no/emner/08/02/20/gvpi/

Tabeller: