15134_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15134
Auka lastebilkostnader
statistikk
2007-01-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport4. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka lastebilkostnader

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,5 prosent frå november til desember, noko som i hovudsak skyldes auka kapitalkostnader. Prisutviklinga på forsikringspremiar trekk i motsett retning.

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport har auka med 4,2 prosent i løpet av dei siste 12 månadene.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Desember 2005-desember 2006

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen har stige med 3,5 prosent frå november til desember. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 8,3 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Lågare forsikringspremiar

Forsikringsindeksen gjekk ned 2,0 prosent i løpet av den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre forsikringsselskap. Det siste året har forsikringspremiane gått ned 2,4 prosent.

Prisstigning på dekk

Dekkindeksen auka med 0,4 prosent frå november til desember. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige 5,6 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for 10 ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks

Tabeller: